Tørrgass er petroleum som er i gassform under normale trykk og temperaturar. Dette til skilnad frå våtgass som er flytande ved normale trykk og temperaturar. Hovudkomponenten i tørrgass er metan.

Gassen som blir eksportert i røyr frå Nordsjøen er i hovudsak tørrgass, og denne gassen blir difor gjerne kalla salsgass.

Tørrgass kan gjerast flytande ved å kjøle den ned til ca. - 162 C ved normalt trykk, og den blir då kalla LNG - Liquified Natural Gas. I nokre samanhengar er det mest tenleg å komprimere gassen. Den blir då kalla PNG - Pressurised Natural Gas. Tørrgass som er komprimert til 200 bar, det vil seie til eit volum som er ca. 200 gongar mindre enn ved normaltilstanden, vert kalla CNG - Compressed Natural Gas.