T-type-asteroide

(Omdirigert frå T-typeasteroide)

T-type-asteroidar er sjeldne asteroidar frå det indre av hovudbeltet av ukjent samansetning. Dei har eit mørkt, trekklaust og moderat raudt spektrum, og eit moderat abosorpsjonstrekk ned mot 0.85 µm. Til dags dato er det ikkje funne nokon meteorittar som kan antakast å stamma frå ein T-type-asteroide. Det er antatt at T-typen er anhydrert og er relaterte til P-typen eller D-typen, eller kanskje ein sterkt omforma C-type. Eit eksempel på T-typen er 114 Kassandra.