T. Rex av T. Rex

album av T. Rex
T. Rex
Studioalbum av T. Rex
Språk engelsk
Utgjeve 18. desember 1970
Innspelt Juli og august 1970
Studio Trident, London
Sjanger Rock, psykedelisk folk, glam rock
Lengd 37:41
Selskap
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi 
A Beard of Stars
(1970)
T. Rex Electric Warrior
(1971)


T. Rex er eit album frå 1970 av Marc Bolan-bandet T. Rex, det femte sidan debutalbumet deira som Tyrannosaurus Rex i 1968, og det første under namnet T. Rex. Det kom ut 18. desember på Fly og Reprise. Albumet heldt fram endringa som byrja på føregangaren frå den tidlegare visestilen deira til ein minimal rockestil,[1] og var framleis ein balanse mellom elektrisk og akustiske songar.[2]

Innhald og musikk endre

Sjølv om albumet var oppført som T. Rex, vart alle innspelingane (og biletet for plateomslaget) gjort då dei framleis heitte Tyrannosaurus Rex, med ei to-mannsbesetning som bestod av songaren, låtskrivaren og gitaristen Marc Bolan og perkusjonisten Mickey Finn. Produsenten Tony Visconti spelte bass og blokkfløyte på somme av spora. Bolan hadde vurdert å kalle albumet The Wizard eller The Children of Rarn, før dei gjekk for eit sjølvoppkalla album.[2] Bolan ønskte å bli avbilda med ein elektrisk gitar for å tilpasse seg det nye, elektriske imaget han prøvde å skape.[2]

Albumet fortsette på liknande vis som det førre albumet duoen spelte inn, A Beard of Stars, med meir vekt på elektriske rockesongar, og i tillegg strykarar på fleire spor.[3] Somme spor som «The Time of Love is Now», «Suneye» og «Root of Star», var stilmessig nærare visesongen til Tyrannosaurus Rex.[2]AllMusic skreiv at «Tonen på albumet var meir landleg» enn føregangarane, men elektrisk gitar på spora «Beltrane Walk», «Is It Love» og «Diamond Meadows», er forut for stilen på oppfølgjaren. Tekstane var delvis inspirerte av Tolkien.[4] Det er dikt om trollmenn, druidar og ei «svevande diktarinne i ein skinnkjole». Journalisten Tom Everett skreiv at Bolan var «tydeleg opphengt i mystikk, så vel som dei reine lydane i det engelske språket».[5]

Albumet inneheld elektriske nyinnspelingar av to eldre Tyrannosaurus Rex-songar. Den eine av desse, «The Wizard», vart opphavleg spelt inn som A-sida til den første singelen til Bolan (som soloartist) attende i 1965.[2] Den andre var ein elektrisk versjon av den andre Tyrannosaurus Rex-singelen, «One Inch Rock», med ein intro med scat-synging av Bolan og Finn, som duoen hadde spelt akustisk på konsertar i nokre månader før innspelinga av albumet. Dei attverande, korte songane, var nye songar. Opnings- og avslutningssporet nytta element av symfonisk rock.[2]

Howard Kaylan og Mark Volman, kjend som «Flo and Eddie», song korvokal for første gongen på ein T. Rex-song, «Seagull Woman».[5] Dei gjorde dette sidan på ei rekkje av hitsongane til gruppa.

Utgjeving endre

Albumet kom ut 18. desember 1970 på Fly og Reprise. Designet av plateomslaget var unikt og ein måtte halde omslaget sidelengs for å brette det ut, eller for å ta ut LP-plata.

Albumet vart gjennombrotet til T. Rex i Storbritannia, etter ein overraskande suksess med singelen deira «Ride a White Swan», som nådde andreplassen på singellista. Den neste singelen, «Hot Love» gjekk heilt til topps på lista. Albumet nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista og låg i alt 25 veker inne på lista.[6] Plata nådde den øvste plasseringa under postarbeidarstreiken i Storbritannia i 1971, då det ikkje kom ut offisielle lister. Derfor vert lista i Melody Maker for februar-april 1971 rekna som den offisielle lista.[7]Guinness Book of British Hit Albums anerkjende ikkje nokre albumlister for dei manglande vekene, og hadde albumet plassert på 13. plassen som høgaste plass.[8]

Den amerikanske utgåva av albumet kom ut med «Ride a White Swan», rather than «The Children of Rarn (Reprise)».

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [4]
Rolling Stonesærs positiv[5]

Då det kom ut publiserte Rolling Stone ei rosande melding og skreiv «Det er vanskeleg å plukke ein eller to songar som favorittar her». Skribenten Todd Everett hylla bandet for «korleis dei blandar vokal og instrument - røystene går ofte over i imitasjonar av guitarfeedback. Det er ikkje eit triks ei kvar gruppe bør prøve seg på».[5]

I seinare melding skreiv Mark Deming i AllMusic at «T. Rex er stillheita før stormen på Electric Warrior, og held på ein sprø energi og enkel sjarm som gjer det til eit av vasskilja til Bolan».[4]

Richard Barone i The Bongos spelte inn «The Visit» på det første soloalbumet sitt, Cool Blue Halo (1987).[9] Siouxsie Sioux spelte «Jewel» i 1999 med det andre bandet sitt, The Creatures.[10]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Marc Bolan, utanom der andre er nemnde.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«The Children of Rarn»0:53
2.«Jewel»2:46
3.«The Visit»1:55
4.«Childe»1:41
5.«The Time of Love is Now»2:42
6.«Diamond Meadows»1:58
7.«Root of Star»2:31
8.«Beltane Walk»2:38
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Is It Love?»2:34
2.«One Inch Rock»2:28
3.«Summer Deep»1:43
4.«Seagull Woman»2:18
5.«Suneye»2:06
6.«The Wizard»8:50
7.«The Children of Rarn (Reprise)» (den amerikanske utgåva av albumet har «Ride a White Swan» i staden for dette sporet)0:36
Bonusspor på utvida utgåve frå 2004
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
16.«Ride a White Swan» (singel A-side) 2:30
17.«Summertime Blues»Eddie Cochran, Jerry Capehart2:42
18.«Poem» (singel B-side) 0:34
19.«The Visit» (opptak 4) 1:57
20.«Diamond Meadows» (opptak 6) 1:56
21.«One Inch Rock» 2:26
22.«Seagull Woman» 2:19
23.«The Wizard» 8:33
24.«The Children of Rarn» 0:42

Medverkande endre

Salslister endre

Liste (1970/71) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 37
UK Albums Chart 7 (Official Charts website)[6]
13 (Guinness Book of British Hit Albums)[8]

Kjelder endre

  1. Deming, Mark. «T. Rex biography». Allmusic. Henta 2. februar 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Paytress, Mark. Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar. Omnibus Press. 2003.
  3. «... in December, he released the T.Rex album which also became a smash hit. Strings added by producer Tony Visconti had given an extra dimension to T.Rex's music ...» Bolan - Born To Boogie, Chris Welch, Simon Napier Bell, Plexus Publishing 2008 edition p77
  4. 4,0 4,1 4,2 Deming, Mark. «T-Rex – T. Rex». AllMusic. Henta 15. juli 2021. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Everett, Todd (22. juli 1971). «T. Rex review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 9. mars 2017. Henta 15. juli 2021. 
  6. 6,0 6,1 «T. Rex | artist | Official Charts». Official Charts. Henta 15. juli 2021. 
  7. «Archived copy». Arkivert frå originalen 25. september 2018. Henta 25. september 2018. 
  8. 8,0 8,1 Guinness Book of British Hit Albums, Guinness Books, 1977-2006 editions
  9. Ned Raggett https://www.allmusic.com/album/cool-blue-halo-mw0000193027 «Richard Barone Cool Blue Halo»]. AllMusic. Henta 2. februar 2020.
  10. «Siouxsie / the Creatures 'Jewel' (T. Rex cover) live in Oxford, Zodiac 1999». Youtube. February 1999. Henta 15. juli 2021
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 302. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff endre