Takashi Fujisawa (japansk: 藤沢隆) (fødd 4. januar 1943) er ein japansk, tidlegare skihoppar og kombinertrennar frå YoichiHokkaido. Han vann sølvmedaljen i storbakkerennet i ski-VM 1966 i Oslo og vart då den fyrste japanar som vann ein medalje i eit verdsmeisterskap på ski.

Takashi Fujisawa


Statsborgarskap Japan
Fødd 7. februar 1943 (81 år)
Yoichi
Idrett kombinert, skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1972

Aktiv

endre

Fujisawa byrja som kombinertrennar og vart nummer 20 i den greina under vinter-OL 1964 i Innsbruck. To år seinare kom han tilbake til Europa og deltok som hoppspesialist i verdsmeisterskapen i Oslo. Etter ein 16. plass i normalbakken Midtstubakken, overraska han stort og la beslag på sølvmedaljen i storbakkerennet i Holmenkollbakken, berre slått av den doble verdsmeisteren Bjørn Wirkola.

Under vinterolympiaden i Grenoble vart Fujisawa nummer 18 i storbakken, medan han i ski-VM 1970 kom på sjetteplass i storbakken i Štrbské Pleso. Nyårsdag 1972 vart han nummer fire i hoppvekerennet i Garmisch-Partenkirchen, eit renn som landsmannen Yukio Kasaya vann. Fujisawa avslutta si tid som aktiv skihoppar med ein 23. plass i normalbakken under vinter-OL i Sapporo og ein 14. plass i storbakken.

Kjelder og bakgrunnsstoff

endre