Taklaukslekta

planteslekt
Taklaukslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sildreordenen Saxifragales
Familie: Bergknappfamilien Crassulaceae
Underfamilie: Sempervivoideae
Stamme: Semperviveae
Slekt: Taklaukslekta Sempervivum
L., 1753

Taklaukslekta (Sempervivum) er ei planteslekt i bergknappfamilien som omfattar rundt 40 fleirårige, eviggrøne artar. Plantane i denne slekta har tjukke, kjøtfulle blad i rosettar og blomar i stengeltoppen som er kvite, gule eller raude. Dei tjukke blada lagrar vatn slik at dei klarer seg i solrike, steinete område, som fjell for viltveksande plantar og tak, steinhagar eller potter for dyrka plantar.

Taklauk på eit tak.

Taklauk veks vilt i Nord-Afrika, Sør-Europa og Vest-Asia. Plantane veks særleg i fjellområde frå Pyreneane til Kaukasus. I tillegg til å tola tørke er taklauk også meir frostherdig enn mange andre sukkulentar, og nokre veks i hagar eller forvilla i Noreg. Den best kjende arten i slekta er taklauk (Sempervivum tectorum). Også kingeltaklauk (S. arachnoideum), som er tett spindelvevhåra, er mykje brukt i hagar.

Plantane er kjende for å danna ei rekkje avleggjarar i gode veksetilhøve, og eit engelsk namn på dei er hen and chicks, 'høne med kyllingar'. Det latinske namnet Sempervivum tyder 'alltid levande' og viser til at planten er eviggrøn og at han klarer seg i vanskelege veksetilhøve.

Namnet «taklauk» viser til at plantane ofte veks på tak, og ei utbreidd oppfatting har vore at dei vernar mot lynnedslag. Planten er blitt knytt til tordengudar som den norrøne Tor og den romerske Jupiter, og andre namn er Jupiter's beard og tysk Donnersbart ('toreskjegg').

Artar endre

Sempervivum altum
Sempervivum arachnoideum
Sempervivum armenum
Sempervivum atlanticum
Sempervivum ballsii
Sempervivum borissovae
Sempervivum calcareum
Sempervivum cantabricum
Sempervivum caucasicum
Sempervivum ciliosum
Sempervivum davisii
Sempervivum dolomiticum
Sempervivum erythraeum
Sempervivum glabrifolium
Sempervivum ingwersenii
Sempervivum juvanii
Sempervivum kindingeri
Sempervivum kosaninii
Sempervivum leucanthum
Sempervivum macedonicum
Sempervivum marmoreum
Sempervivum minus
Sempervivum montanum
Sempervivum nevadense
Sempervivum octopodes
Sempervivum ossetiense
Sempervivum pittonii
Sempervivum pumilum
Sempervivum soculense
Sempervivum sosnowskyi
Sempervivum tectorum
Sempervivum thompsonianum
Sempervivum transcaucasicum
Sempervivum wulfenii
Sempervivum zeleborii

Galleri endre

Kjelder endre

  • «Sempervivum» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. juli 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Taklaukslekta