Takle er ei bygd ytst ved Sognefjorden i Gulen kommune. Bygda ligg langstrakt langs fjorden i aust-vestleg retning, med busetjing 20–30 moh. Staden ligg mellom fjorden og Søtekollen og Stølsfjellet, med utbygd vasskraft i sør. Taklevatnet ligg 292 meter over havet. Det er fylkesveg austover til Brekke og E 39, og sørover til Eivindvik via Rutledalen i vest eller rett sørover via Takledalen og Austgulfjorden

Takle
Foto: Bjarne Thune
Takle
Foto: Bjarne Thune
Vêrstasjonen på Takle
Foto: Bjarne Thune

Frå 1907 låg også Takle Planteskule her, med stor fruktdyrking og skogsoppal. Det var Hans H. Takle som starta skulen etter endt studium i Danmark og Tyskland.[1]

Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap, BKK, driv Takle kraftverk med ein middelårsproduksjon på 5,6 GWh.[2]

I bygda ligg Takle synoptiske vêrstasjon som er i drift i dag og vart oppretta 1950. Denne stasjonen målte 184,6 millimeter nedbør på eit døgn i 1995.[3] Gjennomsnittleg årleg nedbørmengd (1961–1990) er 3176 millimeter.

Gardar endre

Bygda utgjer gardane Indre Takle, Midttakle og Ytre Takle.Namnet på desse vert uttala ta'kkle, i'nnstakkle, mi'ttakkle, y'sstakkle.[4] Namnet tyder: #Thak; påkleding av ulike artar, sengedekke, hustak, taknever, #Thal-le eller Thak-la; engslette eller lysning i skog

Gardar med usamansette naturrelaterte namn kan vera frå Noregs forhistoriske tid, det vil seia den fyrste halvdelen av folkevandringstida (400-800)[5]

Frå Sognefjorden ser desse tre gardane ut som ein stor gard, men med fleire tun, bruk med store hus, dyrka bakkar og mange åkrar. All transport gjekk med båt, og på stormfulle dagar var gardane isolerte. I 1899 kravde bøndene ein offentleg bygdeveg frå Brekke kyrkje over Ytre Brekke, Brekkestranda, Takle, Botnen til Indre Hjartholm. Vegen førte til at det vart bygd skulehus med lærarbustad på Ytre takle i 1922–1923.[6]

Midttakle er truleg den eldste av dei tre gardane, ofte sett på som «morgarden». Indre Takle er ein utflyttargard.

Kraftstasjonen på Midttakle endre

Sommaren 1910 byrja ein å tenkja på å laga ein elektrisk kraftstasjon ved fossen frå Stølsvatnet på Midttakle. På årsmøte i Brekke ungdomslag i 1937 vart saki teken opp att. Det vart laga eit framlegg til heradsstyret om å foreta ei undersøking av moglege kraftkjelder for elektrisk kraft i Brekke herad. Ungdomslaget sa seg viljug til å ta halvdelen av utgiftene. Heradsstyret vedtok at ein skulle rekna ut utgiftene ved ein elektrisk kraftstasjon ved tre fjellvatn med vassdrag:

  • Stølsvatnet med elva og fossen på Midttakle
  • Storlivatnet med elva i Instefjorden
  • Botnevatnet ved stølen på Engesæter og vassdraget der.

Konklusjonen var at det beste vatnet og vassdraget for ein elektrisk kraftstasjon for Brekke herad var Stølsvatnet med elv og foss på Midttakle.[7]

Det vart nedsett ei arbeidsnemnd som også skulle utforma ei skriftleg overtaking av Stølsvatnet med tilhøyrande vassdrag til heradsstyret. I 1939 gav bøndene på Midttalke Brekke kraftlag ei skriftleg erklæring om at dei selde Stølsvatnet, elva og fossen på Midttakle til Brekke herads kraftlag med rett til regulering og utbygging og i tillegg grunn til ein kraftstasjon, vegar og lasteplassar mot at bøndene på Midttake fritt fekk elektrisk kraft til dei 20 husa sine.[8]

Det var mogleg å teikna seg for aksjar eller for dagsverk i Brekke herads elektriske kraftlag. Kraftlaget vart registrert i handelsregisteret men den føresetnaden at heile heradet skulle få elektrisk kraft, men utbygginga skulle gjerast stykkevis. Det vart òg vedteke at Brekke herads elektriske kraftlag skulle slåast saman med det elektriske kraftlaget i Gulen. Dei to kraftlaga skulle byggja ut kraftstasjonen i Midttakleelva. Gav denne for lite elektrisk kraft skulle også Kløvtveitvatnet byggast ut.

I 1943 var kraftstasjonen på Midttakle ferdig og linjenettet i distriktet og omtrent alle installasjonane i heimane var ferdige. 1. februar 1943 klokka 10 vart den elektriske straumen sett på.[9] Takle kraftverk var i drift fram til 1993.

Referansar endre

  1. NRK Sogn og Fjordane leksikon - NRK.
  2. BKK nettstad om Takle kraftverk, arkivert frå originalen 16. mars 2013, henta 5. november 2010 
  3. oversyn største døgnnedbør i Noreg etter 1990[daud lenkje]
  4. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 759
  5. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 759
  6. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 760
  7. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 830
  8. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 831
  9. Engsæther, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 832–833

Litteratur endre

  • Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, Bind 1–3 1944

Bakgrunnsstoff endre