Takryttar

(Omdirigert frå Takryttaren)

Takryttar er nemninga på små tårn som er plassert på mønet på bygningar med saltak og liknande. I motsetnad til vanlege tårn, er takryttaren eit oppbygg på sjølve takkonstruksjonen, det vil seie at han vert boren oppe av taket utan å ha eit sjølvstendig fundament. Takryttaren kan vere ein pryd i seg sjølv, eller han kan bere klokker eller vere utstyrt med urskive som syner tida for dei som er i nærleiken.

Gamle Aker kyrkje i Oslo hadde takryttar i si tid, slik det framgår av denne teikninga frå ein artikkel i Illustreret Nyhedsblad i januar 1852. Då kyrkja vart restaurert, fekk ho det tårnet som ho har i dag.
Takryttar på det gamle rådhuset i Commercy i Frankrike.
Borgund stavkyrkje har takryttar og ein klokkestøpul for kyrkjeklokkene attmed kyrkja. Borgund kyrkje, òg med takryttar, er å sjå i bakgrunnen. Fotografi frå 1880-1890

Takryttarar er ofte å sjå på kyrkjer, men òg andre typar bygningar kan ha slike. Fleire av stavkyrkjene har takryttar. Men korkje i stavkyrkjene eller andre mellomalderkyrkjer med takryttar og ikkje kyrkjetårn, var det vanleg at kyrkjeklokkene var plassert i takryttaren. Vanlegvis hang klokkene i eit sæskild stativ, ein klokkestopul, attmed kyrkja.

Kjelder endre

«takrytter» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. juli 2015.

Bakgrunnsstoff endre