Talkshow
Talkshow er eit underhaldningsprogram, send på fjernsyn, radio eller internett, der ein eller fleire programleiarar pratar med kjende eller aktuelle personar.

Alessandra Riva med gjest i det italienske talkshowet Il Salotto di Leandra i 2018.
Det fyrste talkshowet som vart vist på fjernsyn vart sendt på den lokale amerikanske fjernsynskanalen WJZ-TV i 1951.[1] Programmet var leia av Joe Franklin. Det vart fyrst sendt på vekedagar, men flytta etterkvart til laurdagskvelden.[2]
Ulike typarEndra
Det finst ulike typar og format innanfor kategorien talkshow. Felles er at dei er tilpassa med innhald for dei ulike programblokkene på ein kanal.
- Morgonprogram som tar for seg ei blanding av nyhende, intervju med kjendisar og musikalske innslag.
- Ettermiddagsprogram som liknar i form på morgonprogramma, men utan nyhendeinnslag.
- Kveldsprogram som i størst grad baserar seg på intervju med kjendisar og musikalske innslag. Programleiarane er ofte komikarar, og starten av programmet blir ofte innleia med ein monolog.
- Nyhendeprogram der aktuelle saker blir tatt opp. Slike program blir som oftast spelt inn utan publikum.
Sjangeren i NoregEndra
Liste over norske talkshowEndra
MorgonprogramEndra
- God Morgen Norge (1994-)
- Frokost-TV (1983-1993)
KveldsprogramEndra
- Lindmo (2012-)
- Praktisk info med Jon Almaas (2017-)
- Senkveld med Helene og Stian (2018-)
- Skavlan (2009-)
- Trygdekontoret (2009-)
NyhendeprogramEndra
- Torp (2016-2020)
KjelderEndra
- ↑ «JOE FRANKLIN TRUTH IN PACKAGING», web.archive.org, 3. juli 2009, arkivert frå originalen 3. juli 2009, henta 3. juni 2019
- ↑ Hinckley, David (November 26, 1999). «Joe Franklin: Truth in Packaging». New York Daily News. Arkivert frå originalen 3. juli 2009. Henta 1. januar 2008.
BakgrunnsstoffEndra
- talkshow. Store norske leksikon