Tammerkoski (på svensk Tammerfors ström) er ei elv som renn gjennom Tammerfors i Finland. Tammerfors er plassert mellom to innsjøar, Näsijärvi og Pyhäjärvi, som er bundne saman av den 2 km lange Tammerkoski. Høgdeskilnaden mellom desse to er 18 meter, og vatnet renn frå Näsijärvi til Pyhäjärvi via Tammerkoski. Elvebreidda er blant dei eldste industriområda i Finland. Det var eit travel torg her på 1600-talet, og Tammerfors vart opphavleg grunnlagd ved elva, sidan Tammerkoski gav industrien mykje av krafta som trongst.

Tammerkoski
elv
Sørsida av Tammerkoski
Land  Finland
Del av Tampella factory area
Renn gjennom Tammerfors
Kjelde Näsijärvi
Munning Pyhäjärvi
Kart
Tammerkoski
61°29′53″N 23°45′50″E / 61.498055555556°N 23.763888888889°E / 61.498055555556; 23.763888888889
Wikimedia Commons: Tammerkoski

Det er i dag tre kraftverk og demningar på Tammerkoski.

Nordsida av Tammerkoski