Tamta Goduadze (fødd 10. januar 1981), kjend som Tamta, er ein gresk-georgisk songar. Ho er best kjend i Hellas og på Kypros etter at ho enda på andreplass i Super IdolMega Channel i 2004.

Tamta

Fødd10. januar 1981
FødestadDen georgiske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen (no Georgia)
FødenamnTamta Goduadze
georgisk თამთა გოდუაძე
gresk Τάμτα Γκοντουάτζε
AliasTamta
OpphavGeorgia, Hellas
Aktiv2004–i dag
SjangerPop
InstrumentVokal
PlateselskapMinos EMI
Verka somSongar
Sambuar medParis Kassidokostas-Latsis

Biografi endre

Tidleg liv endre

Tamta vart fødd i Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen, der ho starta med song då ho var fem år.[1] Berre 14 år gamal fekk ho ei dotter, Annie.

Musikkarriere endre

Då Tamta var 22 flytta ho og familien til Hellas, der ho meldte seg på den greske fjernsynsserien Super Idol. Ho enda på andreplass bak Stávros Konstantínou, som ho seinare spelte inn songen «To állo mou misó» på EP-en Super Idol 2004 saman med.

I januar 2007 annonserte Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) at Tamta skulle delta i Eurovision 2007, den greske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2007. Ho enda sist av dei tre deltakarane som deltok.

I juni 2008 sa Tamta i eit intervju at ho ville likt å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2009.[2] I fylgje rykte hadde Padiofonikó Ídruma Kúprou (PÍK) vore i kontakt med ho sidan mai. Greske medium ville òg at ERT skulle velje Temta som representant i Eurovision Song Contest 2009 på grunn av mistanke om favoritisering frå austblokklanda i 2008, der Kalomoíra enda på tredjeplass. Rykta var ikkje sanne og ERT valde Sákis Rouvás i staden for.

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • 2006: Tamta
  • 2007: Agápise me
  • 2010: Tharros i alitheia

Singlar endre

  • 2004: T' allo mou miso med Stávros Konstantínou
  • 2006: Ftais (Faraway)
  • 2006: Den telionei etsi i agapi
  • 2006: Tornero/Tromero (MAD Version) med Mihai Trăistariu
  • 2006: Einai krima med Grigoris Petrakos
  • 2007: With Love av Tamta|With Love
  • 2007: Agápise me
  • 2007: Agapo (Wanna Play) med Akis Deiximos
  • 2007: |Mia stigmi esi ki ego
  • 2008: Ela sto rhythmo
  • 2008: S' opoion aresei (Dansonra)
  • 2009: Koita me
  • 2010: Tharros i alitheia av Tamta|Tharros i alitheia med Sákis Rouvás
  • 2010: Egoista med Isaias Matiaba
  • 2010: Fotia
  • 2011: Tonight med Playmen og Claydee
  • 2011: Zise to apistefto (Oblivion)
  • 2012: Niose tin kardia
  • 2012: Konta Sou

Musikkvideoar endre

  • 2004: T' allo mou miso med Stávros Konstantínou
  • 2006: Ftais (Faraway)
  • 2006: Den telionei etsi i agapi
  • 2006: Tornerò|Tornero/Tromero (MAD Version) med Mihai Trăistariu
  • 2006: Einai krima med Grigoris Petrakos
  • 2007: With Love av Tamta|With Love
  • 2007: Agápise me
  • 2007: Relax, Take It Easy/Agápise me (VMA '07)
  • 2007: Agapo (Wanna Play) med Akis Deiximos
  • 2007: Mia stigmi esi ki ego
  • 2008: Ela sto rhythmo
  • 2008: S' opoion aresei (Dansonra) med [[Stereo Mike## (VMA '08)
  • 2009: Koita me
  • 2010: Tharros i alitheia med Sákis Rouvás
  • 2010: Egoista med Isaias Matiaba (VMA '10)
  • 2010: Fotia
  • 2011: Tonight med Playmen og Claydee
  • 2011: Zise to apistefto (Oblivion) (VMA '11)
  • 2012: Niose tin kardia
  • 2012: Konta sou

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Floras, Stella (25. mars 2007). «The Greek finalists speak to esctoday!». ESCToday. Henta 8. august 2008. 
  2. «Tamta wants to represent Cyprus in 2009 Eurovision». Arkivert frå originalen 1. august 2008. Henta 30. september 2012.  Oikotimes, June 2, 2008. Retrieved on June 3, 2008

Bakgrunnsstoff endre