Tanágra
Lokalt namn Τανάγρα

Geografi
Stad Sentral-Hellas
Koordinatar 38°19′N 23°32′E / 38.317°N 23.533°E / 38.317; 23.533
Areal 457,9 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Hellas
Viotía
Hovudsete Skhimatári (3 868 innb.)
Demografi
Folketal 18 500 (2021[1])
Folketettleik 40,4 /km²

Tanágra (gresk skrift Τανάγρα) er ein landsby og ein kommune i periferieininga Viotía i periferien Sentral-Hellas i Hellas. Tanágra ligg aust for Thíva og grensar i nord mot periferieininga Évvia, i aust og sør mot Aust-Attikí og Vest-Attikí i Attikí.

Administrativ inndeling

endre
 
Den tidlegare kommunen Tanágra, no kommunaleininga Tanágra

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2] I 2014 vart busetnaden Dílesi frå Inófyta og busetnaden Pláka Dílesi frå Skhimatári skilde ut for å danne ei femte kommunaleining, Dílesi.[3]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 18 500 innbyggjarar, medan kommunaleininga Tanágra hadde 3 212 og tettstaden med same namn 639 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[4] Folketal 2021[1]
Skhimatári Skhimatári 4 035 3 868
Inófyta Inófyta 2 927 2 882
Pláka Dílesi Dílesi 2 696 2 360
Dílesi Dílesi 1 976 2 065
Ájos Thomás Inófyta 1 292 1 131
Árma Tanágra 1 093 961
Asopía Tanágra 865 861
Inói Skhimatári 442 855
Skoúrta Dervenokhória 771 724
Tanágra Tanágra 702 639
Pýli Dervenokhória 652 537
Kallithéa Tanágra 752 461

Referansar

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.