Tanákh

(Omdirigert frå Tanach)

Tanákh eller Tenákh (hebraisk תנ”ך tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.

Tanákh

Tanákh på bokrullar.
Språkhebraisk, arameisk
Sjangerreligiøs litteratur, antologi

Ordet Tanákh endre

Alternative skrivemåtar og synonym endre

Ordet kan òg bli skrive som Tenakh, Tanach, Tenach eller TN"K. I hovudsakleg kristne teologiske krinsar finst òg forma Tanak.

Ordet «Tanákh» er eit akronym endre

Tanákh er i seg sjølv eit akronym for dei tre hovuddelane av den jødiske Bibelen:

  • Torá [תּוֹרָה] («Lova»; òg kalla Læra eller Instruksjonen)
  • Nebiím [נְבִיאִים] («Profetane»)
  • Ketubím [כְּתוּבִים] («Skriftene» eller «Heilagskriftene»)

Synonym endre

  • Mikrá (hebraisk מקרא)
  • Den hebraiske Bibelen
  • Den jødiske Bibelen

Liste over bøkene i Tanákh endre

Torá (Lova, Læra) endre

  1. Fyrste Mosebok
  2. Andre Mosebok
  3. Tredje Mosebok
  4. Fjerde Mosebok
  5. Femte Mosebok

Nebiím (Profetane) endre

  1. Nebiím risjoním (Dei tidlege profetane)
    1. Josva
    2. Dommarane
    3. Samuelsbøkene (1-2)
    4. Kongebøkene (1-2)
  2. Nebiím aharoním (Dei seinare profetane)
    1. Jesaja
    2. Jeremia
    3. Esekiel
    4. Teré asár (Dei tolv (mindre profetane))
      1. Hosea
      2. Joel
      3. Amos
      4. Obadja
      5. Jona
      6. Mikha
      7. Nahum
      8. Habakkuk
      9. Sefanja
      10. Haggai
      11. Sakarja
      12. Malakhi

Ketubím (Skriftene) endre

  1. Salmane
  2. Salomos ordtøke
  3. Job
  4. Megillot (Skriftrullane)
    1. Høgsongen
    2. Rut
    3. Klagesongane
    4. Forkynnaren
    5. Ester
  5. Daniel
  6. Esra–Nehemja:
    1. Esra
    2. Nehemja
  7. Krønikebøkene (1-2)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tanákh