Tanafjorden
Tanafjorden (nordsamisk Deanuvuotna) er ein fjord i Troms og Finnmark fylke i kommunane Gamvik, Berlevåg og Tana. Fjorden strekkjer seg 66 km sørover til bygda Smalfjord i botn av fjorden og ligg mellom Nordkinnhalvøya i vest og Varangerhalvøya i aust.
Tanafjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommunar | Berlevåg, Gamvik, Tana | ||
Del av | Barentshavet | ||
![]() Tanafjorden | |||
Wikimedia Commons: Tanafjorden | |||
Fjorden har innløp mellom Omgangsneset i vest og Skarveneset i aust. Tanafjorden har mange fjordarmar og dei fleste busetjingane ligg i botn av desse. Bygda Store Molvik på austsida er eit av unntaka og Lávvonjárga eit anna nesten heilt sør i fjorden.
Av fjordarmar finn ein på vestsida Tyfjorden, Skardfjorden, Rafjorden, Hopsfjorden og Langfjorden, og på austsida Gulgofjorden. Inst i fjorden deler han seg i fem greiner. Frå vest til aust er desse Vestertana, Tarmfjorden, Smalfjorden, munningen av Tanaelva og Leirpollen.
Riksveg 98 og Riksveg 890 går langs botn av fjorden.