Tangerine Dream

tysk electronicaband

Tangerine Dream er ei tysk elektronisk musikk-gruppe som vart starta i 1967 av Edgar Froese. Bandet har hatt mange forskjellige medlemmar gjennom tida og Froese var det einaste som var med heile tida fram til han døydde i i 2015. Trommeslagaren og komponisten Klaus Schulze var ei kort stund med i gruppa i dei tidlege dagane, men den mest stabile versjonen av gruppa, i den innverknadsrike perioden deira midt i 1970-åra, var ein trio med Froese, Christopher Franke og Peter Baumann. Tidleg i 1980-åra erstatta Johannes Schmoelling Baumann, og denne besetninga var òg stabil og i tillegg særs produktiv.

Tangerine Dream

Tangerine Dream på scenen i 2007
OpphavVest-Berlin i Tyskland
Aktiv1967 til i dag
SjangerElektronisk musikk, Berlin-skulen, New Age, electronica, ambient, krautrock
PlateselskapOhr, Virgin, Caroline, Jive Electro, Private Music, Miramar, TDI, Eastgate, Sequel/Castle/Sanctuary/BMG, Relativity
MedlemmerEdgar Froese
Linda Spa
Thorsten Quaeschning
Tidlegare medlemmerVolker Hombach
Lanse Hapshash
Kurt Herkenberg
Charlie Prince
Steve Jolliffe
Klaus Schulze
Conrad Schnitzler
Steve Schroyder
Peter Baumann
Christopher Franke
Michael Hoenig
Klaus Krüger
Johannes Schmoelling
Paul Haslinger
Ralf Wadephul
Jerome Froese
Verka somvideo game composer

Dei tidlege «Pink Years»-albuma til Tangerine Dream spelte ei viktig rolle i utviklinga av krautrock. Seinare då dei var på Virgin, vart albuma deira viktige i å definere sjangeren New Age-musikk, sjølv om bandet mislikte dette merket.

Sjølv om gruppa har gjeve ut mange studio- og konsertopptak, har mange av tilhengjarane deira vorte introdusert for Tangerine Dream via filmmusikken deira, som tel over seksti filmar med mellom anna Sorcerer, Thief, The Keep, Risky Business, Firestarter, Legend, Near Dark, Shy People og Miracle Mile.

Besetning endre

Seint i 1960- og tidleg i 1970-åra var det fleire kortvarige variantar av Tangerine Dream starta av Froese i lag med forskjellige musikarar frå undergrunnsmiljøet i Vest-Berlin. Eit par av dei som var med i desse tidlege versjonane var Steve Jolliffe, Klaus Schulze og Conrad Schnitzler.

Ein av dei mest kjende som vart med i bandet var Christopher Franke. Franke kom med i Tangerine Dream i 1970 frå gruppa Agitation Free for å erstatte Schulze som trommeslagar. Han har fått æra for å ha oppdaga sequencer-teknikken, som dei først nytta på Phaedra, og som skulle kome til å definere musikken til bandet. Franke slutta i Tangerine Dream nesten tjue år seinare, i 1987, då han var usamd med Froese om den musikalske retninga til bandet.

Andre langtidsmedlemmar i gruppa var Peter Baumann (1971–1977), som seinare starta New Age-selskapet Private Music, som bandet skreiv kontrakt med frå 1988 til 1991, Johannes Schmoelling (1979–1985), Paul Haslinger (1986–1990) og sonen til Froese Jerome Froese (1990–2006).

Mange andre var medlem av Tangerine Dream i kortare periodar, og i motsetnad til studiomusikarar, medverka dei i skrivinga av noko av musikken til bandet. Dei fem mest kjende av desse kortvarige medlemmane er Steve Schroyder (organist, 1971–72), Michael Hoenig (som erstatta Baumann for ein turné i Australia i 1975 og ein konsert i London), Steve Jolliffe (blåseinstrument og vokal på Cyclone og den påfølgjande turneen. Han var òg ei kort stund i bandet i 1969), Ralf Wadephul (i lag med Edgar Froese spelte han inn Blue Dawn, men dette kom først ut i 2006) og Linda Spa (saksofonist som deltok på mange album og konsertar mellom 1990 og 1996, og frå 2005 og frametter).

Historie endre

Opphav: Psykedelia og krautrock endre

Edgar Froese kom til Vest-Berlin i midten av 1960-åra for å studere kunst. Det første bandet hans, eit R&B-band kalla The Ones, gjekk gradvis i oppløysing etter å ha gjeve ut ein singel, og Froese starta å eksperimentere og spelte små konsertar med forskjellige musikarar. Dei fleste av desse konsertane vart haldne i det kjende Zodiak Free Arts Lab, og bandet til Froese vart òg invitert til å spele for Salvador Dalí. Musikk vart blanda med litteratur, måleri og tidlege former for multimedia og anna. Berre dei mest underlege ideane trekte til seg merksemd, og Froese oppsummerte det heile slik: «I det absurde ligg ofte det som er kunstnarisk mogeleg». Ettersom medlemmar i gruppa kom og gjekk, var musikken til bandet framleis inspirert av surrealistar, og gruppa nytta etter kvart det surrealistiske namnet Tangerine Dream om seg sjølv inspirert av linja «tangerine trees and marmalade skies» frå The Beatles-songen «Lucy in the Sky with Diamonds».[1]

Froese var fascinert av teknologi og korleis han kunne nytte dette til å skape musikk. Han bygde eigne instrument og alle stader han gjekk samla han inn lydar med bandopptakarar som han lagde musikk av seinare. Det tidlege arbeidet hans med bandsløyvre og andre repeterande lydar var ein føregangar til den gryande teknologien med sekvenser, som Tangerine Dream raskt byrja å nytte då det kom.

Det første Tangerine Dream-albumet, Electronic Meditation, var ei samling av lydbandopptak der ein nytta teknologien på den tida vart nytta i staden for syntheisermusikken dei seinare vart kjende for. Besetninga på albumet var Froese, Klaus Schulze og Conrad Schnitzler. Electronic Meditation vart gjeve ut på Ohr i 1970, og byrja ein periode kjend som Pink Years (Ohr-logoen var eit rosa øyre). Med det andre albumet Alpha Centauri vart gruppa ein trio og stundom ein duett, på elektroniske instrument, ofte med Froese på gitar og stundom andre instrument.

Virgin-åra endre

Albumet deira frå 1973, Atem vart kalla årets album av den britiske DJen John Peel, og dette var medverkande til at Tangerine Dream fekk platekontrakt med Virgin Records same året. Kort tid etter gav dei ut albumet Phaedra, eit uhyggeleg lydlandskap som uventa nådde 15. plass på albumlista i Storbritannia og vart ein av dei første verkeleg hitalbuma til Vrigin. Phaedra var eit av dei første kommersielle albuma der det vart nytta sekvenserar og skulle definere den vidare stilen til bandet.

I 1980-åra nytta bandet, som andre elektronicapionerar som Jean Michel Jarre og Vangelis, tidleg digital teknologi som revolusjonerte synthesizermusikken, sjølv om bandet hadde nytta digitalt utstyr så tidleg som på midten av 1970-talet. Med erfaringa dei hadde med å lage eigne instrument og uvanlege måtar å skape lydar på, klarte dei å utnytte denne nye teknologien til å lake musikk ulikt noko ein hadde høyrt tidlegare. I dag høyres kanskje ikkje denne musikken så uvanleg ut, men det er fordi teknologien dei nytta på den tida i dag nesten er universell.

Tangerine Dream-konsertar endre

Dei tidlege konsertane til Tangerine Dream var enkle visuelt sett etter dagens standard der tre menn sat urøyrlege i timesvis ved massive elektroniske boksar med haugevis av leidningar og nokre få blikande lys. Somme konsertar vart haldne i totalt mørkre. Etter kvart som teknologien vart meir avansert, byrja bandet å nytte fleire visuelle effektar, lys, laserar, pyroteknikk og prosjektorar.

I 1970- og 1980-åra turnerte bandet mykje. Konsertane bestod ofte av musikk som ikkje var gjeve ut før eller som var improvisert, og vart ofte piratkopiert. Dei var berykta for å spele særs høgt (målt til 134 desibel i 1976) og lenge. Bandet gav ut mange konsertalbum, og somme av konsertopptaka danna grunnlaget for studioalbum.

Med vokal endre

Dei fleste av albuma til Tangerine Dream er heilt instrumentale, men to album har ein del tekst, Cyclone (1978) og Tyger (1987), som begge vart møtt med misnøye hos fansen. Det har vore noko vokal på andre utgjevingar av bandet, som songen «Kiew Mission» frå Exit og «The Harbor» frå Shy People frå 1987, og berre nyleg nytta bandet igjen vokal på den musikalske trilogien deira basert på Dante sin Divine Comedy og albumet deira Madcap's Flaming Duty frå 2007.

Etter ein konsert i Aust-Berlin i 1980 vart dei eit av dei første større vestlege banda som spelte i eit kommunistland. Tangerine Dream vart særs populære bak jernteppet. Dei var eit av dei mest populære banda i Polen tidleg i 1980-åra og gav ut eit dobbelt konsertalbum av ein av konsertane sine der kalla Poland, spelt inn vinteren 1983. På grunn av den abstrakte karakteren til musikken og fordi dei ikkje hadde tekstar, vart dei ikkje sensurerte, i motsetnad til mange andre vestlege band.

Filmmusikk endre

Gjennom 1980-åra skreiv Tangerine Dream musikk til meir enn tjue filmar. Dette hadde vore ei interesse for Froese sidan seint i 1960-åra, då han laga musikk til ein obskur polsk film, og spelte samstundes som skodespelar i fleire tyske undergrunnsfilmar. Han laga musikken til den eksperimentelle filmen Never shoot the bathroom man, regissert av Jürgen Polland.[2] Mykje av filmmusikken var omskrivingar av musikken frå studioalbuma eller musikk som seinare vart omskrive for komande studioalbum.

Nyare tid endre

I 1996 starta gruppa sitt eige plateselskap, TDI, og meir nyleg, Eastgate. Album som er gjevne ut dei nyare åra er generelt ikkje til sals i butikk, men vert seld via postordre eller på nett.

Edgar Froese har òg gjeve ut fleire soloplater som er i same musikalske stil som musikken til Tangerine Dream.

I 2010 framførte gruppa Zeitgeist i Royal Albert Hall i London, 35 år etter dei framførte dette stykket der i 1975. Heile konserten vart gjeven ut på eit trippelt konsertalbum.[3]

Edgar Froese døydde brått i Wien den 20. januar 2015 av lungeemboli.[4][5] Dei attverande medlemmane i gruppa (Quaeschning, Schnauss og Yamane) og Bianca Acquaye (enkja til Froese) heldt fram arbeidet i lag for å fullføre visjonen Froese hadde for gruppa. Tangerine Dream heldt den første konerten sin utan Froese den 9. juni 2016 i Szczecin i Polen.[6]

Den 29. september 2017 gav Tangerine Dream ut eit nytt studioalbum, kalla Quantum Gate, og feira 50-årsjubileet til starten av bandet. Albumet var basert på idear og musikalske skisser av Froese og vart fullført av dei attverande medlemmane.[7]

31. januar 2020 gav Tangerine Dream ut Recurring Dreams som bestod av 11 spor med nyinnspelingar av klassiske spor av bandet. 9. juni 2020 vart Paul Frick det første medlemmet som vart med i gruppa etter Froese døydde.

I popkulturen endre

  • Det første albumet til Kaleidoscope (frå november'1967) vart kalla Tangerine Dream.
  • Steven Wilson frå Porcupine Tree har omtalt Tangerine Dream som ein av inspirasjonskjeldene i musikken hans, og har omtalt Zeit som favorittalbumet hans.
  • Den japanske electronicamusikaren Susumu Hirasawa dediserte songen «Island Door (Paranesian Circle)» til Tangerine Dream.
  • Science fiction-forfattaren Alastair Reynolds har skrive om universet Revelation Space der ein av gassplanetane i systemet Epsilon Eridani heiter Tangerine Dream.
  • Det japanske bandet Do As Infinity sin debutsingel «Tangerine Dream» er kalla opp etter bandet.
  • Till Lindemann, vokalist i Rammstein, har omtalt Tangerine Dream som ei inspirasjonskjelde.
  • Mot slutten av Tenacious D-songen «City Hall» syng Jack Black «Malibu nights, tangerine dreams».
  • Det britiske rockebandet Kasabian skildra Tangerine Dream som ein av deira andelege inspirasjonskjelder.
  • I filmen Valley Girl frå 1983, kan ein sjå rollefiguren Randy (spelt av Nicolas Cage) med ei Tangerine Dream-T-skjorte.

Medlemmar endre

Noverande medlemmar

Bianca Froese-Acquaye, enkja til Edgar arbeider òg tett med dei attverande medlemmane.

Tidlegare medlemmar

Tidlegare gjestemusikarar

Diskografi endre

Tangerine Dream har gjeve ut over hundre album (utanom samleplater) i løpet av fire tiår. Eit prosjekt der dei samla inn og gav ut konsertopptak gjort av tilhengjarane, kalla Tangerine Tree, pågjekk frå 2002 til 2006.

Konsert- og studioalbum endre

Innspelt Utgjeve Type Album Notes
The Pink Years
1969 1970 studio Electronic Meditation
1971 1971 studio Alpha Centauri
1972 1972 studio Zeit
1972 1973 studio Atem
The Virgin Years
1973 1974 studio Phaedra
1975 1975 studio Rubycon
1975 1975 live Ricochet
1976 1976 studio Stratosfear
1977 1977 live Encore
1978 1978 studio Cyclone
1979 1979 studio Force Majeure
1980 1980 studio Tangram
1980 1980 live Quichotte Gjeve ut på ny i 1986 som Pergamon
1981 1981 studio Exit
1982 1982 studio White Eagle
1982 1982 live Logos Live
1983 1983 studio Hyperborea
The Blue Years
1983 1984 live Poland
1985 1985 studio Le Parc
1973–1984 1986 studio Green Desert Remixa frå ei innspeling frå 1973
1986 1986 studio Underwater Sunlight
1987 1987 studio Tyger
  • 1987
  • 1988
1988
  • live
  • studio
Livemiles Gjeve ut på ny i 1996 som Live Miles
The Melrose Years
1988 1988 studio Optical Race
1989 1989 studio Lily on the Beach
1990 1990 studio Melrose
The Seattle Years
1991–1992 1992 studio Rockoon
1992–1997 1992 studio Quinoa
1992 1993 live 220 Volt Live
1993–1994 1994 studio Turn of the Tides
1994 1995 studio Tyranny of Beauty
1995 1995 studio The Dream Mixes Series: Dream Mixes
The TDI Years
1996 1996 studio Goblins Club
1997 1997 live Tournado
1997 1997 studio TimeSquare Series: Dream Mixes
1997 1997 live Ambient Monkeys
1986–1997 1998
  • compilation
  • live
Dream Encores
1997 1998 live Valentine Wheels
1982 1999
  • live
  • studio
Sohoman
1999 1999 studio Mars Polaris
1976 2000
  • live
  • studio
Soundmill Navigator Konsertopptak frå 1976
1971–1988 2000
  • compilation
  • live
Antique Dreams
1998–2000 2000 studio The Seven Letters from Tibet
1977–2001 2001 studio The Past Hundred Moons Series: Dream Mixes
2001–2002 2002
  • live
  • studio
Inferno Series: Dante
2002 2002
  • rerecording
  • studio
The Melrose Years
1974, 1975, 1976 2003 live The Bootleg Box Set Vol. 1
1972–2003 2003 studio DM 4 Series: Dream Mixes
1988 2003 live Rockface Series: Vault
1976, 1977, 1978, 1981, 1983 2004 live The Bootleg Box Set Vol. 2
2003–2004 2004 studio Purgatorio Series: Dante
1981 2004 live Aachen–January 21st 1981 Series: Bootmoon
1977 2004 live Montreal–April 9th 1977 Series: Bootmoon
1981 2004 live Paris–February 2nd 1981 Series: Bootmoon
1982 2004 live Sydney–February 22nd 1982 Series: Bootmoon
1986 2004 live Ottawa–June 20th 1986 Series: Bootmoon
1990 2004 live East Series: Vault
1992 2004 live Arizona Live Series: Vault
1986 2005 live Cleveland–June 24th 1986 Series: Bootmoon, Vault
1986 2005 live Brighton–March 25th 1986 Series: Bootmoon, Vault
1983–2005 2005 studio Kyoto
1990 2005 studio Jeanne d'Arc
1999 2005 live Rocking Mars Series: Vault
The Eastgate Years
2005 2005 studio Phaedra 2005
  • 1988
  • 2006
2006 studio Blue Dawn
2005 2006 studio Paradiso Series: Dante
2007 2007 studio Springtime In Nagasaki Series: Five Atomic Seasons
2006 2007 studio Madcap's Flaming Duty
2007 2007 studio Summer In Nagasaki Series: Five Atomic Seasons
2007 2007 studio One Times One
1977 2006 live Detroit–March 31st 1977
1980 2008 studio Preston- November 5th 1980
1982–2006 2006 studio Tangerine Dream Plays Tangerine Dream
2008 2008 single Purple Diluvial
2008 2008 studio Views from a Red Train
2008 2008 studio The Anthology Decades
2008 2008 studio Tangram 2008
2008 2008 studio Hyperborea 2008
2008 2008 studio Autumn in Hiroshima Series: Five Atomic Seasons
2008–2009 2009 studio Flame
2008–2009 2009 studio Chandra
2009 2009 live Live @ Dussmann Berlin
2009 2009 studio Winter in Hiroshima Series: Five Atomic Seasons
1975–2010 2010 studio DM V Series: Dream Mixes
2010 2010 live Zeitgeist Concert
2010 2010 studio Under Cover – Chapter One
2010 2010 studio The Endless Season Series: Five Atomic Seasons
2011 2011 studio The Island of the Fay Series: Eastgate's Sonic Poems
2011 2011 studio The Angel of the West Window Series: Eastgate's Sonic Poems
2011 2011 live The Gate of Saturn— Tangerine Dream Live at the Lowry Manchester 2011
2011 2011 studio Finnegan's Wake Series: Eastgate's Sonic Poems
2011 2011 live Knights of Asheville
2012 2012 live Live at Admiralspalast Berlin
2012 2012 live Live in Budapest

Kjelder endre

  1. DeRogatis, Jim (2003). Turn on Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Milwaukee: Hal Leonard Corporation. s. 263. ISBN 0-634-05548-8. 
  2. «Edgar Froese». Voices in the net. July, 2010. Henta 7. april 2013. 
  3. «EASTGATE Music Shop - b9501f». Ssl-id.de. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 15 October 2011. 
  4. «Tangerine Dream founder Edgar Froese dies». The Guardian. 23 January 2015. Henta 5. juli 2020. 
  5. «R.I.P. Tangerine Dream's Edgar Froese». Exclaim!. 23 January 2015. Henta 23 January 2015. 
  6. Froese, Edgar. «Internationales Festival für Elektronische Musik». Schwingungen-festival.de. 
  7. «Tangerine Dream – The new studio album, Quantum Gate Celebrating 50 years of Tangerine Dream – Listen to the first song "Tear Down the Grey Skies" above». Kscopemusic.com. September 2017. Henta 5. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff endre