Tannpleie
Tannpleie eller tannrøkt viser til det å ta vare på sine eigne eller andre sine tenner, til dømes ved å førebygga karies, periodontitt, tannkjøtbetennelse og andre plager. Andre funksjonar kan vera å reparera skader, retta opp eller forbetra tannstilling og pussa eller bleika tenner. Ein sjølv kan passa på tennene sine ved å reinska dei med til dømes tannkost, tannkrem, tannstikker, tanntråd og munnskyllevatn. Profesjonelle som driv med tannpleie er mellom anna tannlege, tannsjukepleiar og tannhygienikar. Det medisinske fagfeltet heiter odontologi.
Estetisk tannpleie
endreEstetisk tannpleie har som hovudmål å forbetra utsjånaden på tennene. Døme på slik tannpleie er tannbleiking, porselensfasader, kroner og tannregulering.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dentistry» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2010.
- «estetisk tannpleie» i Store norske leksikon, snl.no.