Tapestry av Carole King

Tapestry
Studioalbum av Carole King
Språk engelsk
Utgjeve 10. februar 1971
Innspelt Januar 1971
Studio A&M (Hollywood)
Sjanger
Lengd 44:31
Selskap
Produsent Lou Adler
Carole King-kronologi 
Writer
(1970)
Tapestry Music
(1971)


Singlar frå Tapestry
  1. «It's Too Late»/«I Feel the Earth Move»
    Utgjeve: April 1971
  2. «So Far Away»/«Smackwater Jack»
    Utgjeve: Mars 1971

Tapestry er det andre studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Carole King, gjeve ut i 1971 på Ode Records og produsert av Lou Adler. Det fekk fire Grammyprisar i 1972, inkludert årets album. Den første singelen frå albumet — «It's Too Late» med «I Feel the Earth Move» — låg fem veker på toppen av både Billboard Hot 100.[3] og Easy Listening-lista[4]

Tapestry har vorte sertifiserte til 14× platinaplate av Recording Industry Association of America i USA,[5] og har selt kring 25 millionar eksemplar over heile verda,[6] som gjer det til eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene. I 2000 vart plata plassert på 74. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums,[7] og i 2020 vart ho rangert på 25. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8]

Produksjon endre

King skreiv eller var medlåtskrivar på alle songane på albumet, der to allereie hadde vore hittar for andre artistar som Aretha Franklin sin «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» (i 1967), og The Shirelles sin «Will You Love Me Tomorrow» (i 1960). Eksmannen til King, Gerry Goffin, skreiv tekstane til tre av songane. James Taylor, som oppmuntra King til å synga sine eigne songar og som òg spelte på Tapestry, fekk ein stor hitt med «You've Got a Friend», seinare i 1971. To songar vart skrivne saman med Toni Stern: «It's Too Late» og «Where You Lead».

Albumet vart spelt inn i A&M Recording Studios i Studio B i januar 1971 med hjelp frå Joni Mitchell og James Taylor, pluss forskjellige erfarne studiomusikarar. Fleire av musikarane jobba samstundes på Taylor-albumet Mud Slide Slim and the Blue Horizon.

Framsidebiletet vart teken av den A&M-tilsette fotografen Jim McCrary heime hos King i Laurel Canyon.[9] Biletet syner henne sitjande i ei vindaugsramme, med eit veggteppe som ho sjølv hadde sydd for hand, med katten Telemachus ved føtene.[10]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [11]
Christgau's Record GuideA–[12]
The Encyclopedia of Popular Music     [13]
The Great Rock Discography8/10[14]
Music Story     [14]
MusicHound Rock5/5[14]
Pitchfork10/10[15]
The Rolling Stone Album Guide     [14]
Uncut     [16]

Albumet vart møtt med utbreidd kritikarros. Village Voice-kritikaren Robert Christgau følte at stemma hennar, fri for «teknisk dekor», kom til å frigjera kvinnelege songarar,[12] medan Jon Landau i Rolling Stone følte at King var ein av dei mest kreative pop-personane og hadde laga eit album med «overgåande personleg intimitet og musikalsk prestasjon».[17]

Prisar endre

I tillegg til å bli valt til årets album, mottok plata òg Grammy for beste kvinnelege popvokalopptreden, årets singel («It's Too Late») og Årets song («You've Got a Friend»), noko som gjorde King til den første kvinnelege soloartisten som vann Grammy-prisen for årets plate, og den første kvinna som vann Grammy-prisen for årets song.

Albumet vart verande på Billboard-lista i 313 veker (nest mest etter Pink Floyd sine 724 veker med The Dark Side of the Moon).[18]

Grammyprisnominasjonar for Tapestry
År Vinnar Kategori
1972 Tapestry Årets album
1972 «It's Too Late» Årets singel
1972 «You've Got a Friend» Årets song
1972 Tapestry Årets kvinnelege popvokalopptreden

Sal endre

«Carole King sitt Tapestry er ein triumf av massekultur. På mindre enn to år har det selt godt over fem millionar eksemplar, og sett det i ein klasse med dei mest selde albuma gjennom tidene, og det er framleis på listene ... Slik statistikk er så overveldande at det ser ut til å forvandla ei enkel plate til eit slags uunngåeleg kulturelt nærvær, og på ein måte gjer det akkuret det.»

Robert Christgau (Newsday, November 1972)[19]

Tapestry var ein stor kommersiell suksess. Han heldt til 15 veker på rad som nummer éin på den amerikanske Billboard 200.[20][21] Til dags dato har Tapestry framleis rekorden for flest veker på rad på nummer éin av ein kvinneleg soloartist.[22] Albumet låg òg nesten seks år på den amerikanske Billboard 200 (318 veker), derav 302 dei samanhengande. I meir enn 40 år hadde Tapestry rekorden for det lengstvarande albumet på albumlista av ein kvinneleg soloartist i USA inntil Adele sitt [[21 av Adele]|21] braut rekorden i 2017.[23][24][25]

Tapestry var òg svært vellykka over heile verda. I Canada låg det ni veker på toppen av lista frå og med 3. juli 1971.[26] I Storbritannia debuterte albumet på nummer trettito på UK Albums Chart, men steig til slutt til fjerdeplassen på lista og vart liggande på topp 100 i 136 veker.[27] I det første året skal Tapestry ha selt over 7 millionar eksemplar[28] og selt rundt 25 millionar eksemplar over heile verda til dags dato.[6]

Kulturell påverknad endre

Fleire songar frå albumet vart spelt inn av andre artistar og vart hittar medan albumet framleis var på listene: James Taylor sin versjon frå 1971 av «You've Got a Friend» gjekk til topps i USA[29] og nådde fjerdeplassen i Storbritannia,[30] og Barbra Streisand si studioinnspeling frå 1971 av «Where You Lead» nådde 40. plassen[31] medan eit konsertopptak av ein medley der Streisand para songen med Sweet Inspirations-hitten «Sweet Inspiration» nådde 37. plassen året etter.[31]

Ulike artistar kom saman for å spela inn alle originalspora for meir enn eitt hyllestalbum. Den første, utgjeve i 1995 og med tittelen Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King, selde til gullplate. Den andre, i 2003, hadde tittelen A New Tapestry – Carole King Tribute. I 2010 spelte den australske musikaren Marcia Hines inn eit hyllestalbum, Marcia Sings Tapestry.

Tori Amos sa «Songane hennar er som historier eller lydfilmar. Du vil gå rett inn i dei. Med 'I Feel the Earth Move' eller 'It's Too Late', er du akkurat der.»[32]

Tapestry blir ofte viste på listene til kritikarane over dei beste albuma.[14] I 2003 vart plata rangert på 36. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[33] og heldt plassen på den reviderte lista frå 2012,[34] men rykka opp til 25. plassen på ei oppdatering av lista frå 2020.[8] Albumet vart òg oppført av VH1 på 39. plassen på lista deira over dei 100 beste albuma gjennom tidene,[35] og var ein av 50 innspelingane som vart valde til å bli lagt til National Recording Registry.[36] Opptak lagt til National Recording Registry er plukka ut for å bli bevart i Library of Congress ettersom dei er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige».[36] Basert på slike oppføringar, rangerer Acclaimed Music Tapestry som det 69. mest anerkjente albumet i historia.[14]

I 2015, for sin sjette og siste sesong, hylla den amerikanske TV-serien Glee dette albumet, saman med Alanis Morissette sitt Jagged Little Pill, i episoden «Jagged Little Tapestry», sendt 16. januar 2015. Fem songar frå dette albumet vart framført av ulike artistar. To av dei opptredde på eiga hand, «It's Too Late» og «So Far Away», medan dei tre andre blir brukt i ein mashup med ein av songane frå Jagged Little Pill. «I Feel the Earth Move» er blanda saman med «Hand in My Pocket», «Will You Love Me Tomorrow?» med «Head Over Feet» og «You've Got a Friend» med «You Learn». Episoden vart sett av 1,98 millionar sjåarar.[37]

I mars 2016 vart det kunngjort at Carole King ville framføra albumet live i sin heilskap for første gang på British Summer Time Festival i Hyde Park i London 3. juli 2016.[38] Framsyninga vart gjeve ut året etter som Tapestry: Live på Hyde Park.[39]

Innhald endre

Alle songar skrivne av Carole King, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I Feel the Earth Move»3:00
2.«So Far Away»3:55
3.«It's Too Late» (tekst av Toni Stern)3:54
4.«Home Again»2:29
5.«Beautiful»3:08
6.«Way Over Yonder»4:49
Side to
Nr.TittelLengd
7.«You've Got a Friend»5:09
8.«Where You Lead» (King, Stern)3:20
9.«Will You Love Me Tomorrow?» (Gerry Goffin, King)4:13
10.«Smackwater Jack» (Goffin, King)3:42
11.«Tapestry»3:15
12.«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» (Goffin, King, Jerry Wexler)3:59
Bonusspor på CD-utgåva frå 1999
Nr.TittelLengd
13.«Out in the Cold»2:44
14.«Smackwater Jack» (Konsertopptak frå Boston, 21. mai 1973)3:21

2008 «Legacy Edition»

I 2008 gav Sony/BMG, Epic og Ode ut ein «Legacy Edition» med to plater. Ei plate er ei ommastra utgåve av det originale albumet og den andre plata er konsertopptak av 11 av dei 12 songane, spelt inn i 1973 i Boston, Columbia i Maryland og Central Park i New York, og i 1976 i San Francisco Opera House. «Where You Lead» er songen som ikkje er med på konsertplata.

Konsertplate - Legacy-utgåva frå 2008
Nr.TittelLengd
1.«I Feel the Earth Move»4:17
2.«So Far Away»4:44
3.«It's Too Late»5:06
4.«Home Again»3:33
5.«Beautiful»3:39
6.«Way Over Yonder»5:35
7.«You've Got a Friend»6:00
8.«Will You Love Me Tomorrow?»4:31
9.«Smackwater Jack»4:18
10.«Tapestry»4:13
11.«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman»5:11

Medverkande endre

  • Carole King – piano, klaverinstrument, vokal, korvokal
Andre medverkande
Teknisk

Salslister endre

Vekeslister endre

Originalutgåva

Liste (1971) Plassering
Australske Kent Music Report[40] 3
Kanadiske RPM Albums Chart[41] 1
Den japanske Oricon-lista[42] 1
Noreg - VG-lista[43] 8
Den spanske albumlista[44] 1
UK Albums Chart[45] 4
US Billboard Top LPs[46] 1

Årslister endre

Liste (1971) Plassering
Den australske albumlista[40] 10
UK Albums Chart[47] 7
US Billboard 200[48] 2
Liste (1972) Plassering
US Billboard 200[49] 2
Liste (1973) Plassering
US Billboard 200[50] 22
Liste (2018) Plassering
Australske album (ARIA)[51] 95

Sal og salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[52] 8× Platina 560 000^
Japan (RIAJ)[53]
1991 reissue
Gull 100 000^
New Zealand (RMNZ)[54] Platina 15 000^
Storbritannia (BPI)[55] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[56] 14× Platina 14 000 000^
Oppsummering
Verda over 25,000,000[6]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Richie Unterberger (29. april 1999). The Rough Guide to Music USA. Rough Guides. s. 396. ISBN 978-1-85828-421-7. 
  2. Mendelsohn, Jason; Klinger, Eric (27. januar 2012). «Counterbalance nr. 66: Carole King's 'Tapestry'». PopMatters. Henta 15. mai 2022. 
  3. Whitburn, Joel (2009). Joel Whitburn's Top Pop Singles, 1955–2008. Record Research. s. 534. 
  4. Whitburn, Joel (2007). Joel Whitburn Presents Billboard Top Adult Songs, 1961–2006. Record Research. s. 149. 
  5. RIAA Gold and Platinum: Tapestry (Henta 10. mai 2022.)
  6. 6,0 6,1 6,2 «Carole King makes UK stage return playing Tapestry in full». BBC News (på engelsk). 3. juli 2016. Henta 22. juni 2021. 
  7. Colin Larkin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 66. ISBN 0-7535-0493-6. 
  8. 8,0 8,1 Rolling Stone (22. september 2020). «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (på engelsk). Henta 27. september 2020. 
  9. Valerie J. Nelson (6. mai 2012). «Jim McCrary obituary: Rock photographer dies at 72 – Los Angeles Times». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 19. mai 2012. Henta 13. mai 2022. 
  10. Helen Brown (22. april 2009). «Carole King interview». The Daily Telegraph (London). Arkivert frå originalen 25. april 2009. 
  11. Ankeny, Jason. Tapestry av Carole KingAllmusic
  12. 12,0 12,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: K». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 15. mai 2022 – via robertchristgau.com. 
  13. Larkin, Colin (2007). The Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 «Tapestry». Acclaimed Music. Henta 10. mars 2020. 
  15. Pelly, Jenn (22. desember 2019). «Carole King: Tapestry». Pitchfork. Henta 15. mai 2022. 
  16. David Cavanagh Uncut magazine, September 2008.
  17. Landau, Jon (29. april 1971). «Carole King Tapestry > Review». Rolling Stone (81). Arkivert frå originalen 18. april 2008. Henta 6. februar 2011. 
  18. Menconi, David. «Carole King's all-Star Greatest-Hits Dream Album.» News & Observer: 0. 17. juli 2005. Web.
  19. Christgau, Robert (November 1972). «Carole King: Five Million Friends». Newsday. Henta 10. mars 2020. 
  20. Bronson, Fred (5. mars 2009). «Chart Beat: Miley Cyrus, Billy Ray Cyrus, Taylor Swift : Billboard.com». Billboard. Arkivert frå originalen 6. juni 2010. Henta 6. juni 2010. 
  21. Whitburn, Joel (2010). Joel Whitburn Presents Top Pop Albums, Seventh Edition. Record Research. s. 365. 
  22. Whitburn, Joel (2010). Joel Whitburn Presents Top Pop Albums, Seventh Edition. Record Research. s. 974–982. 
  23. Keith Caulfield. «Adele's '21' Breaks Record for Longest-Charting Album by a Woman on the Billboard 200». Billboard. Henta 8. april 2017. 
  24. «Adele remains at nr. 1; 'Idol' boosts Crystal Bowersox, Carole King». USA Today. 4. mai 2011. 
  25. «Music Albums, Top 200 Albums & Music Album Charts». Billboard.com. Henta 26. desember 2011. 
  26. «RPM Top 100 Albums – 3. juli 1971». Library and Archives Canada. 17. juli 2013. Henta 15. mai 2022. 
  27. «Carole King | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 22. mars 2022. 
  28. «'Tapestry'». NPR.org (på engelsk). Henta 22. mars 2022. 
  29. «Music: Top 100 Songs – Billboard Hot 100 Chart». Billboard. 
  30. «Official Singles Chart Top 50 – Official Charts Company». OfficialCharts.com. 
  31. 31,0 31,1 Whitburn, Joel (2009). Joel Whitburn's Top Pop Singles, 1955–2008. Record Research. s. 943. 
  32. Mojo, dato ukjend
  33. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «36 | Tapestry – Carole King». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Henta 16. august 2009. 
  34. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone's definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 23. september 2019. 
  35. VH1: 100 Greatest Albums. MTV. 1. september 2003. ISBN 978-0743448765. 
  36. 36,0 36,1 The National Recording Registry 2003 National Recording Board of the Library of Congress
  37. Bibel, Sara (20. januar 2015). «Friday Final Ratings: 'Hawaii Five-0' Adjusted Up; No Adjustments to 'Constantine' or 'Glee'». TV by the Numbers. Arkivert frå originalen 21. januar 2015. 
  38. music, Guardian (8. mars 2016). «Carole King to perform Tapestry in its entirety for the first time – in London» – via The Guardian. 
  39. «Carole King's «Tapestry: Live at Hyde Park» to be released September 1». Legacy Recordings. 12. juni 2017. Henta 25. september 2017. 
  40. 40,0 40,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  41. «Top Albums/CDs – Volume 15, nr. 21». RPM. 10. juli 1971. Arkivert frå originalen (PHP) 6. januar 2014. Henta 1. mars 2014. 
  42. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  43. «norwegiancharts.com Carole King – Tapestry» (ASP). Henta 15. mai 2022. 
  44. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  45. «Carole King > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 15. mai 2022. 
  46. «Allmusic: Tapestry : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 15. mai 2022. 
  47. «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 17. desember 2007. 
  48. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1971». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 17. april 2014. 
  49. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1972». billboard.biz. Arkivert frå originalen 6. desember 2012. Henta 27. april 2014. 
  50. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1973». billboard.biz. Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 17. april 2014. 
  51. «2018 Annual ARIA Albums Chart». Australian Recording Industry Association. Henta 15. mai 2022. 
  52. «ARIA Charts – Accreditations – 2018 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  53. «Japanese album salstrofé – キャロル・キング – つづれおり» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  54. «New Zealand album salstrofé – Carole King – Tapestry». Recording Industry Association of New Zealand. 
  55. «British album salstrofé – Carole King – Tapestry». British Phonographic Industry.  Enter Tapestry in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  56. «American album salstrofé – Carole King – Tapestry». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH