Tappelino

norsk youtubar

Benjamin Foss (fødd 13. januar 1998), kjend som Tappelino, er ein norsk streamer på YouTube. Foss vart i 2019 nemnd som ei av den nye generasjonen TV-stjerner samanlikna med tradisjonelt fjernsyn.[1]

Tappelino

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. januar 1998 (26 år)
Oslo
Yrke strømmer, samfunnsdebattant, politisk kommentator
Språk norsk, engelsk
Tappelino på Commons

YouTube endre

Hovudkanalen TaPPeliNo hadde per april 2022 over 40 000 abonnentar. Tappelino har vorte omtalt som Noregs mest kontroversielle youtubar.[2] Innhaldet til Foss på YouTube er komedie, satire og seriøse saker, desse kan òg overlappa kvarandre. Per april 2022 var hovudkanalen lagt på is.[3]

Foss har ved tre høve vorte meld for truslar, trakassering og omsynslaus åtferd av Mia Landsem etter at han kritiserte henne. Alle meldingane vart lagde bort.[4]

Streaming endre

Foss er permanent utestengd frå videostrømmingssplattformen Twitch.[5] Foss sender direkte tre gangar i veka på youtubekanalen TappeStream. Innhaldet han strøymer er ofte knytt til nyheiter, diverse populærkultur, influensarar og politikk.[6] I februar 2021 vart Foss utsett for «spoofing» medan han strøymde direkte på youtube, ved at nokon sende ein falsk bombetrussel frå Vipps-profilen til Foss.[7]

Media endre

I oktober 2017 gjekk Dennis Vareide til sivilt søksmål for ærekrenking mot Foss.[8][9] Saka gjekk i Oslo tingrett i januar 2018 og måtte haldast i sal 250 på grunn av mange frammøtte tilskodarar.[10] Foss prosederte sjølv og meinte det var fordi han ikkje har råd til forsvarar. Advokat for Vareide var Jon Wessel-Aas.[11] Dommar var Kim Heger.[10] Oslo tingrett dømde saksøkte for ærekrenkingar og til å betala oppreisning på 50 000 kroner i tillegg til saksomkostningar på 90 000 kroner. Retten la vekt på at det på ingen måte gjaldt andre juridiske reglar for den typen videoar eller for YouTube eller andre sosiale medium generelt og at ein ikkje kunne komma unna å urettmessig skulda nokon for straffbar forhold under dekke av at det var satire.[12]

Kjelder endre

  1. Tillson, Sunniva (6. september 2019), «Youtubere – de nye tv-stjernene», NRK (på norsk bokmål), henta 11. april 2022 
  2. Erikssen, Kay (30. november 2019). «Tappelino - Norges mest kontroversielle Youtuber! Politianmeldt 8x og "dømt" til å betale 140 000,- i oppreisning.» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 15. mai 2021. Henta 8. april 2022. 
  3. Sterud, Kristine (20. august 2018). «Dømt youtuber anmeldt av «Datadetektiven»» (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022. 
  4. Jor, Brage Lie (12. mai 2019). «Anmeldelser mot youtuberen «Tappelino» er henlagt» (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022. 
  5. «Tappelino - Twitch». Henta 8. april 2022. «Denne kanalen er for øyeblikket utilgjengelig på grunn av brudd på Twitch sine retningslinjer for nettfellesskapet og tjenestevilkår.» 
  6. Tillson, Sunniva (6. september 2019). «Youtubere – de nye tv-stjernene» (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022. 
  7. «Youtube-profil: Fikk politiet på døren etter mistanke om bombetrussel» (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022. 
  8. Riiser, Beate (29. september 2017). «Trend på Youtube – Hatvideoer gir klikk og drama» (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022. 
  9. Johannessen, Stian Øvrebø (21. desember 2017). «Youtube-stjernen Dennis Vareide tar mann til retten – krever 130.000 kroner for ærekrenkelser». Henta 8. april 2022. 
  10. 10,0 10,1 Tolfsen, Caroline Bergli (12. januar 2018). «YouTube-saken: Dømt til å betale 140.000 kroner» (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022. 
  11. Holm-Nilsen, Sverre (5. januar 2018). «Youtube-Dennis i retten: – Det du lager er patetisk innhold» (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022. 
  12. Klungtveit, av Harald S. (12. januar 2018). «6 punkter fra dommen: Derfor vant Youtube-Dennis rettssaken mot «Tappelino»» (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022. 

Bakgrunnsstoff endre