Taranto

kommune i Italia

Taranto er ein kystby i Italia. Han er hovudstad i provinsen Taranto i regionen Puglia. Han har ei viktig kommersiell hamn og hovudbasen til den italienske marinen.

Taranto
Taranto sett frå Via Appia
Taranto sett frå Via Appia
Taranto sett frå Via Appia
Plassering
Taranto is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Puglia
Taranto
Grunnlagd 706 fvt.
Borgarmeister Ippazio Ezio Stefàno
Geografi
Flatevidd
 - By

217 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2001)
   - folketettleik

201 349
  973/km²
Koordinatar 40°28′N 17°14′E / 40.467°N 17.233°E / 40.467; 17.233
Høgd over havet 15 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 74100
Telefon-retningsnummer 099
Nettstad: www.comune.taranto.it

Han er den tredje største byen på det italienske fastlandet med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen har ein velutvikla stål- og jernindustri, oljeraffineri, kjemiske fabrikkar, skipsverft som byggjer krigsskip og matproduksjonsfabrikkar.

Taranto har ei historie som går tilbake til 700-talet fvt. då han vart grunnlagd som ein gresk koloni. Øyane S. Pietro og S. Paolo vernar bukta Mar Grande som byen ligg rundt. Gamlebyen lgig rundt ei anna bukt kalla Mar Piccolo.

Mot slutten av 1800-talet vart det bygd ein kanal slik at militærskip kunne gå inn til hamna i Mar Piccolo og den gamle antikke byen vart ei øy. I tillegg er det bygd festningsverk både på småøyane i bukta og langs kysten.

Dei greske kolonistane frå Sparta kalla byen Taras etter den mytiske helten (Taras), medan romarane, som bygde vegen Via Appia til byen, kalla han Tarentum.

Taranto er òg kjend for det britiske åtaket på basen Regia Marina under den andre verdskrigen, kalla slaget ved Taranto.

Taranto er òg opphavet til det vanlege namnet på edderkopparten Theraphosidae, som me kallar tarantell. I antikken skal innbyggjarane i Taranto etter å ha vorte bitt av den store lokale ulveedderkopp, Lycosa tarentula, omgåande ha starta ein lang energisk dans. Dette vart gjort for å sveitte ut gifta og slik overleve bitet. Dansen vart lokalt kalla Tarantella, som etter kvart vart nytta om desse store, stundom hårete, edderkoppane.

Historie endre

 
Ponte Girevole, den kjende svingbrua i Taranto

I følgje gresk mytologi var det sonen Taras av havguden Neptun som grunnla byen. Men i røynda vart Taranto (Tarent, Tarentum) grunnlagd i 706 fvt. av innvandrarar frå Sparta i Hellas. Dette var Sparta sin einaste koloni. Byen var del av det greske kulturområdet sør i Italia som vert kalla Magna Graecia.

I 280-275 fvt. utkjempa og tapte Taranto ein krig mot Roma. Tarantinarane frykta den stadige romerske ekspansjonen og bad om hjelp hos kong Pyrrhos av Ipiros.

Byen sin vernehelgen er den irske misjonsbiskop Catald (død ca. 685, og domkyrkja i byen, vigsla i 1071, er kalla opp etter han.

I 927 vart Taranto fullstendig øydelagd av sarasenarar, men vart gjennoppbygd i 967 av Nikeforos Phoca. Byen vart erobra av normannaren Robert Guiscard i 1063. Son hans Bohemond vart fyrste av Terra d'Otranto, og residerte i Taranto. Etter han døydde gav Roger II av Sicilia byen til son sin Vilhelm den dårlege. Keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket bygde ei borg (Rocca Imperiale) på det høgaste punktet i byen.

Den katolske helgenen Egidius Maria Pontillo (1729-1812) vart fødd i Taranto.

Byen hadde alltid peikt seg ut som eit strategisk gunstig flåtestøttepunkt, og keisar Napoleon fekk derfor bygd ut hamneanlegget i byen. I 1861 sette den italienske regjeringa i gang ei utreiing om Taranto sine militære eigenskapar, og i 1864 vart det avgjort at byen skulle få landet sitt tredje marineverft, etter La Spezia og Venezia. Arbeidet på marineverftet starta i 1883 og etter kvart vart det bygd all slags krigsskip.

12. november 1940 gjennomførte britiske torpedobombarar av typen Fairey Swordfish eit dristig raid mot den italienske marinen som låg for anker i Taranto hamn. Dei enda opp med å søkke tre slagskip og skade ytterlegare tre andre. Denne aksjonen vart sett på som slutten på slagskipa sin dominans på havet. Det spesielle med aksjonen var at britane nytta seg av torpedoar som ikkje kravde så djupt vatn som vanlege flyborne torpedoar. Dette vart tatt til etterretning i det japanske admiralitetet som studerte raidet nøye i planlegginga si av åtaket på Pearl Harbor.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Taranto