Koordinatar: 41°18′54.749″N 69°14′59.698″E

Tasjkent
by
Land  Usbekistan
Provins Tasjkent
Areal 334,8 km²
Folketal 2 200 000  (2008)
Kart
Tasjkent
41°18′40″ N 69°16′47″ E
Wikimedia Commons: Tashkent
Tasjkent i Usbekistan

Tasjkent (usbekisk Toshkent og Тошкент) er hovudstaden i Usbekistan og den største byen i Sentral-Asia.[1] Han ligg heilt nordaust i landet, i dei vestlege forfjella til fjellkjeda Tian Shan.[2] Det offisielt registrerte folketalet i byen i 2012 var rundt 2 309 300.[3] Namnet kjem frå tyrkiske tash, 'stein' og 'kand', '[festnings]by', og betyr dermed 'steinbyen'.[4]

Tidlegare var Tasjkent eit svært viktig stopp på Silkevegen frå Asia til Europa. På grunn av plasseringa kom byen først under sogdiansk og seinare tyrkisk påverknad tidleg i historia si, før han blei muslimsk på 700-talet. Han blei hærteken og lagt i ruinar av Dsjenghis khan sin hær i 1219. I 1865 blei han erobra av Det russiske imperiet. Byen blei hardt skadd av jordskjelv i 1966.

Geografi endre

Tasjkent ligg ved Chirchiqelva, 450-480 moh. i Chatkalfjella.[1] Han ligg i eit område med jordskjelvaktivitet.

Historie endre

Skipinga av ein bomullsmarknad i Tasjkent mellom 1865 og 1872.

Tasjkent er blant dei eldste byane i Sentral-Asia.[2] Staden kan ha vore folkesett så tidleg som 100-talet f.Kr.[4] På grunn av plasseringa ved fleire karavaneruter blei byen eit viktig knutepunkt for handel mellom aust og vest.[2] Han kom først under sogdiansk og seinare tyrkisk påverknad tidleg i historia si, før han blei muslimsk på 700-talet.

I førislamsk og tidleg muslimsk tid var byen og landet rundt kjend som Dzhadzh, Shash eller Chach. Han er omtalt i Den iranske kongeboka som Chach. Seinare blei byen kjend som Chachkand/Chashkand/Chachkent[5] og Binkent.[6] Det noverande namnet Tasjkent kom i bruk på 1000-talet.[4]

Etter å ha blitt øydelagd av Dsjenghis khan sin hær i 1219 blei byen gradvis bygd opp att som del av Det mongolske riket.[2]Timur Lenk tok byen på 1300-talet og gjorde han til ein av dei største festningsbyane til timuridane.[6] Deretter blei han styrt av shaibanidane frå Bukhara-khanatet.[6] Etter ei tid med sjølvstende blei Tasjkent så teken over av Kokand-khanatet i 1809.[1] I 1865 blei han erobra av Det russiske imperiet.[2]

Byen blei hovudstad for Turkestan autonome sosialistiske sovjetrepublikk i 1918. Han blei hovudstad i Den usbekiske sovjetrepublikken i staden for Samarkand i 1930. Som del av Sovjetunionen såg byen vekst og endringar. Han blei industrialisert og blei etterkvart eit senter for vitskap og ingeniørfag. Folkesamansetjinga blei prega av russiske og ukrainske flyktningar som kom hit under andre verdskrigen og massedeportasjonar hit frå andre stader i unionen, mellom anna av krimtatarar. Usbekarar blei likevel verande den største folkegruppa i byen.

Frå 1966 til 1968 var det ei lang rekke jordskjelv i området som gjorde stor skade, og mykje av byen blei heilt eller nesten jamna med jorda. Mange av bygningane som blei skadd under jordskjelva blei seinare bygd opp igjen.

Då Sovjetunionen braut saman i 1991 var Tasjkent den fjerde største byen i landet. Han blei hovudstad i den sjølvstendige republikken Usbekistan.[4]

Bygningar og attraksjonar endre

Parlamentsbygningen i Usbekistan.

Mange av dei historiske bygningane blei øydelagde etter den russiske revolusjonen og seinare av det kraftige jordskjelvet som ramma byen i 1966. Mykje av den gamle arkitekturen i Tasjkent har såleis gått tapt. Framleis eksisterande bygningar er mellom anna:

  • Kukeldash Madrassa, som skriv seg frå Abdullah Khan (1557-1598) si regjeringstid. Bygningen er framleis i bruk som koranskule.
  • Chorsu basar, ein utandørs marknad med mange ulike varer til sals.
  • Telyashayakh-moskeen (Khast Imam-moskeen) der ein finn Uthman-Koranen, ein koran frå 700- eller 800-talet som etter tradisjonen skal ha tilhøyrd kalifen Uthman.
  • Yunus Khan-mausoleet frå 1400-talet, grava til bestefaren til Babur, grunnleggjaren av Mogulriket i India.
  • Prins Romanov-palasset, bygd av storhertug Nikolaj Konstantinovitsj på 1800-talet etter å ha blitt forvist hit av fetteren Aleksander III av Russland. Bygget var tidlegare eit museum, men husa no det usbekiske utanriksdepartementet.
  • Navoi-teateret, teikna av Aleksej Sjtjusev og bygd av japanske krigsfangar under andre verdskrigen.
  • Tasjkent tv-tårn (Toshkent Teleminorasi) på 375 meter er den høgaste bygningen i Sentral-Asia.

Transport endre

Tasjkent metro er eit moderne t-banesystem og det er det einaste av sitt slag i Sentral-Asia. Tasjkent internasjonale lufthamn ligg 12 km utanfor sentrum, og har over 2 millionar passasjerar i året.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Tashkent», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 20. januar 2009 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Stevenson, Angus, red. (2010), «Tashkent», Oxford Dictionary of English, Oxford University Press 
  3. «Official website portal of Tashkent City». Tashkent.uz. 18. november 2013. Arkivert frå originalen 12. oktober 2014. Henta 24. november 2013. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Everett-Heath, John, «Tashkent», The Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford University Press 
  5. «Fly to Tashkent with the Best Airfare». futurevacation.com. 19. april 2008. Henta 26. februar 2017. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Tashkent History, tashkenthotels.ru 

Bakgrunnsstoff endre

Commons har multimedium som gjeld: Tasjkent
Reiseguide for Tashkent frå Wikivoyage