Taunus er ei fjellkjede i Hessen i Tyskland. Ho grensar til elvane Rhinen, Main og Lahn. På andre sida av Rhinen ligg held fjella fram som Hunsrück. Området dekkjer landkreisa Hochtaunuskreis, Main-Taunus, Rheingau-Taunus og Rhein-Lahn.

Utsyn mot Altkönig og Großer Feldberg

Det høgaste fjellet er Großer Feldberg (878 moh) (ikkje det same som Feldberg i Schwarzwald). Andre fjell er Kleiner Feldberg og Altkönig (798 m) med ruinane etter ei gamal bygdeborg frå seint i jernalderen (La-Tène A, om lag 400 fvt.) nær toppen.

Romarane bygde limes på tvers av Taunus. Saalburg, ein restaurert romersk castellum, er i dag eit museum. Etter at limes fall (i 259/260 evt.) slo alemannarar seg ned her, og ved foten i sør ligg det enkelte alemanniske gravstader. Området vart frankisk etter Slaget ved Tolbiac.

Frankfurt am Main med Taunus i bakgrunnen
Taunus med Feldberg, sett frå Karben

Høgaste fjell endre

Kjelde endre


Koordinatar: 50°13′55″N 8°27′26″E