Te Deum av Charpentier
Te Deum (H. 146) i D-dur er ein storslått polyfon motett av Marc-Antoine Charpentier mellom 1688 og 1698, medan han var musikalsk direktør i jesuitt-kyrkja Saint-Louis i Paris.[1] Verket er skriven for ei gruppe solistar, kor og instrumentalt akkompagnement.
H. 146 Koral av Marc-Antoine Charpentier | |||
Sjanger | Kormusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Urframføring | 3. august 1692 | ||
Typisk lengd | 22:31 | ||
Satsar/akter | 10 | ||
Toneart | D-dur |
Charpentier skreiv seks Te Deum-settingar, men berre fire av dei finst att i dag.[1] Ein trur at komposisjonen har vorte framført for å markere sigersfeiringa etter slaget ved Steinkirk i august 1692. Preludiet til verket er særs kjend i Europa, sidan det vert nytta som kjenningsmelodi i sendingane til Den europeiske kringkastingsunionen. Temaet er òg nytta som introduksjon til The Olympiad-filmane til Bud Greenspan.
Struktur
endreKomposisjonane består av ti satsar:
- Prélude
- Te Deum laudamus
- Te aeternum Patrem
- Pleni sunt coeli et terra
- Te per orbem terrarum
- Tu devicto mortis aculeo
- Te ergo quaesumus
- Aeterna fac sum Sanctis tuis
- Dignare, Domine
- Fiat misericordia tua
- In te, Domine, speravi
Charpentier såg på D-dur som «lystig og særs krigsliknande».[1] Den instrumentale introduksjonen, komponert i rondo-form, kjem før det første verset, leia av bassolistar. Koret og andre solistar kjem gradvis inn.
Instrumentering
endreVerket er instrumentert for åtte solistar og kor med ein fiolin, to bratsjar, violon, fløyte, obo og fagott. Generalbassen vert spelt på orgel, men gambe vert stundom nytta òg.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Te Deum (Charpentier)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Te Deum: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Fritt tilgjengelege notar for Te Deum i Choral Public Domain Library (ChoralWiki)