Tegners Museum og Statuepark

Tegners Museum og Statuepark er eit kunstmuseum som ligg midt i eit freda hedeområde med lyng og einer sør for Dronningmølle på nordkysten av Sjælland i Danmark, i Gribskov Kommune. Området er kalla Rusland, og det er fri tilgang til det for ålmenta heile året.

Skulpturområdet med museumsbygningen i bakgrunnen.
Innsyn i museet gjennom inngangsdøra.

Museet er eit særeige monument over skulptøren Rudolph Tegner (1873-1950), planlagt og oppført av kunstnaren sjølv, opna i 1938, og seinare overdrege til det offentlege. I ein høg, bunkersliknande bygning av betong vert det synt fram ei fast samling av om lag 250 av Rudolph Tegners skulpturar og skulpturutkast i gips, leire, bronse og marmor, og i dei lyngkledde bakkene ikring museumsbygningen er det sett opp 14 av bronseskulpturane hans.

Tegner byrja arbeidet sitt med å kombinere kunst og natur etter å ha kjøpt det sentrale området av Rusland i 1916, der han først plasserte skulpturen 'Kong Ødipus og Antigone. I 1924 kom skulpturgruppa Kærlighedens Mysterium, som femner om skulpturane Kysset, Hengivenhed og Ofringen, og seinare skulpturane De tørstige Børn, I Mulmets Skød, Reden og fleire.

Rudolph Tegners skulpturar er særs iaugefallande ved sine monumentale former, og provoserte i si tid på grunn av sin storleik og ofte teatralske uttrykk. Han vart møtt med forvirring og motstand i den danske kunstverda, og måtte tole ei offentlig merksemd som skulle komme til å prege heile hans kunstneriske virke. Men han henta seg ny styrke og inspirasjon ved å reise i Hellas, Italia, Spania, Nære Austen, Nord-Afrika og Frankrike mellom dei slaga han måtte utkjempe heime. Den siste parten av livet hadde han vinterbustad og atelier i Frankrike, og han hausta meir heider og ros for arbeida sine her enn i heimlandet.

Tegners kunstinteresse og talent for å skape skulptur vart vekt då han som15-åring kom i kontakt med den antikke kulturen under ei vitjing på Akropolis i Aten i Hellas, og den antikke verda skulle komme til å engasjere og oppta han i hele hans kunstnariske arbeid. Etter kunstutdanning på Kunstakademiet i København budde han i Paris i Frankrike nokre år, der han vart kjent med symbolistisk kunst og art nouveau, og vitja seinare Italia og let seg imponere av Michelangelos verk Dag og natt og Morgen og kveld, som etter hans syn var «gigantiske i Form og Udtryk, tungt hvilende i deres Marmorpragt».

Bakgrunnsstoff endre