Teksthandsaming er å skrive, endre og formatere tekst i eit dokument ved hjelp av ein teksthandsamar. Dei fleste moderne teksthandsamarane brukar eit grafisk grensesnitt som lever opp til slagordet «What you see is what you get» (WYSIWYG), slik at teksten på papir er lik det vi ser på dataskjermen.

Teksthandsamaren Abiword
Teksthandsamaren KWord

Til teksthandsaming reknar vi òg funksjonar som automatiserer mange vanlege arbeidsoppgåver, til dømes:

  • lage innhaldsforteikningar
  • lage register som viser til sidetal
  • lage lister som viser til figurar og llustrasjonar i dokumentet
  • vedlikehalde sidenummerering

Nærskylde med teksthandsamingsprogramma er enklare redigeringsprogram og meir avanserte redigeringsprogram for desktop publishing; dei sistnemnde har avanserte funksjonar for å produsere grunnlaget for trykksaker.

Historie endre

Dei første teksthandsamingsprogramma var knytt til eigne maskiner for teksthandsaming. Sidan vart teksthandsamingsprogramma uløyseleg knytt til utbreiinga av datamaskiner på kontor, i heimar og skolar ut over 1980- og 1990-talet.

Tekshandsamingsprogram endre

Her er nokre døme på teksthandsamingsprogram – mange berre med historisk interesse.

Sjå òg endre