Tekstilkunst
Tekstilkunst er kunst og kunsthandverk som nyttar plante-, dyre- eller syntetiske fibrar til å laga bruks- eller reint dekorative gjenstandar. Ein kan avgrensa omgrepet til det å laga tekstilar på kunstnarisk nivå, eller utvida det til å gjelda alle område som gjeld skaping av tekstil,som farging, spinning, veving, trykking, saum, strikking, hekling, filering og liknande teknikkar.[1]
Tekstil har vore ein grunnleggjande del av menneskelivet sidan sivilisasjonen tok til.[2] Frå tidlege tider har tekstilar vore nytta til å dekkja til menneskekroppen og verna han mot elementa, til å senda sosiale signal til andre menneske om rang og stand, til å lagra, sikra og verna eigedelar og til å mjukna, isolera og dekorera opphaldsrom og overflatar.[3] Metodane og materiala som er brukte til å framstilla dei har utvikla seg mykje gjennom tida, men funksjonane til tekstila er blitt verande dei same. Dette gjeld både for tekstil til klede og for dekorative og kunstneriske tekstil. Historia til tekstilkunsten er òg historia om internasjonal handel og teknologiske framsteg. Tyrkisk lilla fargestoff var ein viktig og dyrebar handelsvare i det gamle Middelhavet. Silkevegen førte kinesisk silke til India, Afrika og Europa, og omvendt silke til Kina. Etterspurnaden etter importerte luksusstoff førte til overdådigheitslovar i mellomalderen og renessansen. Den industrielle revolusjonen blei i vid utstrekking forma av innovasjon innan tekstilteknologi: Bomullsspinning, Spinning Jenny og kraftveven mekaniserte produksjonen og førte til luddittiske opprør.
Omgrep
endreOrdet tekstil kjem frå latin texere, som betyr ‘å veva’, ‘å fletta’ eller ‘å konstruera’.[2] Den enklaste tekstilkunsten er filting eller toving, der animalske fibrar blir filtra saman ved hjelp av varme og fukt. Dei fleste metodane for å skapa større tekstil byrjer med å sno eller spinna og tvinna saman fibrar for å laga garn (kalla tråd når dei er tynne og lette og tau når dei er grovare og tyngre). Garnet kan knyttast, flettast eller vevast til fleksible stoff eller klede. Stoff kan brukast til å framstella klede til å ha på seg og til møblar og innbu. Omgrepet tekstil omfattar bruksgjenstandar som filt, garn, stoff, møblar og ferdige bruksgjenstandar.[4]
Tekstilkunsten omfattar òg dei teknikkane som blir brukt til å utsmykka eller dekorera, i tillegg til biletkunst. Ein kan mellom anna laga tekstilkunst ved å bruka trykk for å tilføya farge og mønster, eller med broderi og andre formar for handarbeid, som brikkevev og blondeframstilling. Konstruksjonsmetodar omfattar m.a. saum, strikking, hekling og skreddarsaum, bruk av ulike reiskapar som vevstol og synål) og teknikkar som quilting og plissering. Ferdig framstilte gjenstandar som veggteppe, klede og tekstilskulpturar er nokre døme på tekstilkunst.
Tekstil som kunst
endreKunstomgrepet endra og utvikla seg i løpet av den romantiske perioden og 1800-talet, då «kunst» kom til å bli sett som ei særleg menneskeleg evne som kunne klassifiserast i lag med religion og vitskap.[5] Det nye skiljet mellom kunsthandverk og biletkunst gjeld òg for tekstilkunst, der omgrep som fiberkunst, biletvev eller tekstilkunst no blir brukt til å skildra tekstilbaserte dekorative gjenstandar som ikkje er rekna til praktisk bruk, men derimot er laga for å danna estetisk, politisk, kulturelt og kunstnerisk dialog og diskurs med den som ser på dei.[6]
Nokre moderne tekstilkunstnarar
endre- Magdalena Abakanowicz
- Olga de Amaral
- Caroline Achaintre
- Alicja (Alice) Kozłowska
- Anni Albers
- Aude Franjou
- Carla Freschi
- Ian Berry[7]
- Alighiero Boetti
- Nick Cave
- Tracey Emin[8]
- Rodrigo Franzao
- Sheila Hicks
- Britta Marakatt-Labba[9]
- Mascha Mioni
- María Teresa Muñoz Guillén
- Martin Nannestad Jørgensen
- Grayson Perry[10]
- Erin M. Riley
- Faith Ringgold
- Judith Scott
- Kiki Smith
- Joana Vasconcelos
- Yoshiko Iwamoto Wada
- Brent Wadden
- Pae hvid
- Billie Zangewa
- Sanne Ransby
Galleri
endre-
Paracas-tekstilet, ca. 100-300, Brooklyn Museum
-
Casino Bokor av Martin Nannestad, 2014.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «tekstilkunst» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ 2,0 2,1 Gillow & Sentance 1999, s. 10–11.
- ↑ Jenkins 2003, s. 1–6.
- ↑ Kadolph 2007.
- ↑ Gombrich, Ernst. «Press statement on The Story of Art». Arkivert frå originalen 14. februar 2008. Henta 18. januar 2008.
- ↑ Pantelić, Ksenija (23. december 2016). «Fiber Art and Its Scope». Widewalls. Henta 23. oktober 2019.
- ↑ «Artist creates works in denim». BBC News (på engelsk). 23. maj 2018. Henta 9. juli 2018.
- ↑ Cripps, Charlotte (15. marts 2010). «Stitches in time: Quilt-making as contemporary art». The Independent (på engelsk). Henta 9. juli 2018.
- ↑ «Sámi Artist Group (Keviselie/Hans Ragnar Mathisen, Britta Marakatt-Labba, Synnøve Persen)» (på engelsk). Henta 25. oktober 2018.
- ↑ Freyberg, Annabel (1. november 2008). «Grayson Perry: spinning a yarn». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. Arkivert frå originalen 12. januar 2022. Henta 9. juli 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Tekstilkunst» frå Wikipedia på dansk, den 24. september 2024.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene:
- Arnold, Janet (2018). Queen Elizabeth's Wardrobe Unlock'd. Leeds: W S Maney and Son Ltd. ISBN 978-0-901286-20-8.
- Arnold, Janet (2009). Patterns of Fashion: the cut and construction of clothes for men and women 2000 (Revised edition 2006 utg.). Macmillan. ISBN 978-0-89676-083-7.
- Barber, Elizabeth Wayland (2008). Women's Work: The First 20,000 Years. W. W. Norton. ISBN 978-0-393-03506-3.
- Barber, Elizabeth Wayland (1992). Prehistoric Textiles: The Development of Cloth in the Neolithic and Bronze Ages with Special Reference to the Aegean. Princeton University Press. ISBN 978-0691002248.
- Gillow, John; Sentance, Bryan (1999). World Textiles. New York: Bulfinch Press/Little, Brown. ISBN 0-8212-2621-5.
- Hearn, red. (2010). Dynasties: Painting in Tudor and Jacobean England 2000–2007. New York: Rizzoli. ISBN 978-0-8478-1940-9.
- Jenkins, red. (2003). The Cambridge History of Western Textiles. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 0-521-34107-8.
- Kadolph, red. (2007). Textiles (10. utg.). Pearson/Prentice-Hall. ISBN 978-0-13-118769-6.