Telemarkskanalen
Telemarkskanalen er ein kanal i Telemark som hovudsakleg blei bygd for transport av varer og passasjerer, tømmerfløting og for å hindre flaum. Då han stod ferdig blei kanalen omtala som «det åttande underverket.»


Telemarkskanalen er sett saman av to opphavlege kanalar. «Norsjø-Skienskanalen», med slusene i Skien og ved Løveid vart bygd i tida 1854–1861 og er den eldste av dei to kanalane. Den andre opphavlege kanalen, «Bandak-Nordsjøkanalane», vart opna i 1892.
Telemarkskanalen har 18 slusekammer, er 105 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 72 meter. Det største sluseanlegget er Vrangfoss som har fem slusekammer og ei løftehøgd på 23 m. Passasjerbåtane MS «Henrik Ibsen» og MS «Victoria» går i turisttrafikk frå Skien til Dalen i Tokke kommune. «Victoria» har trafikkert Telemarkskanalen sidan 1870.
Etter at «Norsjø-Skienskanalen» opna vart det sett i gang båtbygging ovanfor slusene.[1]
Båtar endre
Dei første båtane som trafikkerte vatna var hjulpdamparar. Men desse var for breie til å trafikkere dei nye kanalane.[2]
Hjulbåtar endre
- DS «Statsraad Stang», 1852 - 1871
- DS «St. Olaf», 1852 - før 1890
Passasjerbåtar endre
Båtar som har seigla på Telemarkskanalen er:
- DS «Amtmand Aall», 1862 - 1882
- DS «Nordsjø», 1866 -
- DS «Løveid», 1870 - 1940
- DS «Victoria», 1882 -
- DS «Inland», 1882-1956
- DS «Telemarken», 1876 - før 1961
- DS «Bratsberg», 1884 - 1908
- DS «Henrik Ibsen», 1907 - 1917
- DS «Aasmund Vinje», 1906 - 1920
- MS «Henrik Ibsen», 1992 -
Små lokalbåtar[3] endre
Lastebåtar endre
- DS «Dyre Vaa», 1903 - 1968
- DS «Notodden», 1908 - 1925
- DS «SterkeNils», 1913 - 1923
Slepebåtar endre
- Træk
- Elvprinsen
- Ulefos
- Rusla
- Gamle Stærk
- Nye Stærk
Sluseoversyn endre
Sluse | Løftehøgd | Kammer | Slusetid |
---|---|---|---|
Skien | 5 m | 1 stk | 20 min |
Løveid | 10,3 m | 3 stk | 35 min |
Ulefoss | 10,7 m | 3 stk | 40 min |
Eidsfoss | 10 m | 2 stk | 30 min |
Vrangfoss | 23 m | 5 stk | 60 min |
Lunde | 3 m | 1 stk | 15 min |
Kjeldal | 3 m | 1 stk | 15 min |
Hogga | 7 m | 2 stk | 25 min |
Maksimumsmål for trafikk i Telemarkskanalen:
Måleeining > | Meter | Fot | Merknader |
---|---|---|---|
Mastehøgd | 16 | 52,5 | 12,8 m Ulefoss–Dalen |
Lengd | 31,4 | 100 | |
Breidd | 6,6 | 21 | |
Kjøldjupn | 2,5 | 8 |
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Telemarkskanalen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2005.
Referansar endre
- ↑ http://www.langesundsjomannsforening.com/upload/files/historien_om_seilskipene_bygd_ovenfor_slusene__vf.pdf[daud lenkje]
- ↑ http://telemark-fk.no/kanalweb/Dokumentbase.nsf/.XAppWPLookupNewsByUniversalID/E99992516C305E9BC1256CFC00474DDC
- ↑ http://telemark-fk.no/kanalweb/Dokumentbase.nsf/webDocuments/C6D1AE5BE66D1481C1256E7700354A57?OpenDocument
Bakgrunnsstoff endre
- http://www.telemarkskanalen.no
- Slusegløtt, nr. 1, 2011