Ei temperatursone er skilnaden mellom minimums- og maksimumstemperaturen til eit system, slik som den atmofæriske temperaturen ein gjeven stad. Ei temperatursone gjeld ofte for ein tidsperiode (t.d. ein dag, månad, år, hundreår) eller eit gjennomsnitt (gjennomsnitt av alle temperatursonene i ein tidsperiode)

Det er fleirer faktorar som styrer temperursona nær bakken i atmosfæren:

  • Middeltemperaturen
  • Midla fukt
  • Vindregime (styrke, varigskap, variasjon, temperatur osv.)
  • Nærleiken til store vatn eller sjø

Nærleiken til hav er kanskje den faktoren som spelar størst rolle for temperatursona. Område som ligg nær sjø har nesten alltid mykje mindre skilnadar mellom maksimums- og minimumstemperaturar, enn område som ligg langt frå hav.

Ein stad som har ein middeltemperatur på 19 °C, 60 % relativ fukt og ei temperatursone på om lag 10 °C i den årlege middeltemperaturen er rekna for å vere det mest komfortable klimaet for menneske. Dei fleste stadane som har slike klimaforhold finn ein i overgangen mellom tempererte og tropiske klima (i nærleiken av vendesirklane), særleg på sørlege halvkule.