Tennskjer

(Omdirigert frå Tennskjær)

Tennskjer (Tennskjær) er ei bygd som ligg lengst nord på Lenvikhalvøya i Senja kommune i Troms. Frå bygda går det veg sørover langs begge sider av halvøya. Langs Gisundet på vestsida kan ein fylgje Fv 263 via Bjorelvnes, 39 km til Finnsnes og på austsida går Fv 265 15 km til Rossfjordstraumen.

Tennskjer
stad
Land  Noreg
Kart
Tennskjer
69°28′34″N 18°17′49″E / 69.47611111°N 18.29694444°E / 69.47611111; 18.29694444

På grunn av plasseringa midtvegs i Malangsfjorden er Tennskjer eit viktig knutepunkt i kommunen. Staden har snøggbåtsamband med Tromsø (Tromsø-Vikran-Tennskjer-Lysnes), fem dagar i veka. Det går òg bussar til Finnsnes, både via Bjorelvnes og Rossfjord. Bussane korresponderer med snøggbåtavgangane, og dermed er turen om Tennskjer ei alternativ og rimeleg reiserute mellom Finnsnes og Tromsø.

Tennskjer har postadresse 9302 Rossfjordstraumen, og høyrer til Rossfjord skulekrins. Næraste butikk er anten i Rossfjordstraumen (søraustover) eller i Kårvikhamn (sørvestover).

Grunnkrins endre

Tennskjer grunnkrins høyrer til Rossfjordområdet, og femner bygdene Tennskjer og Jøvik på nordsida av Lenvikhalvøya.

Innbyggjarar [1]:

2000 2005 2007
64 70 54

Kjelder endre

  1. SSB, arkivert frå originalen 26. mai 2012, henta 28. juni 2007