Teodora

kvinnenamn

Teodora og Theodora er kvinnenamn med gresk opphav. Dei er avleia av Teodor, sett saman av theos, 'gud', og doron, 'gåve'. Namnet finst òg som Theodosia, og har kortformene Tea og Dora. Sjå òg Dorotea.

Keisarinne Theodora, gift med Justinian, er ein helgen i den ortodokse kyrkja.

Namnet er lite brukt i Noreg, dei to ulike skriveformene har til saman under 100 berarar (SSB 2005).

Teodora har svensk namnedag 9. november.

Kjende namneberarar endre

Bakgrunnsstoff endre