Teodoro Obiang Nguema Mbasogo

Teodoro Obiang Nguema Mbasogo (fødd 5. juni 1942) er president i Ekvatorial-Guinea. Han tok stillinga ved eit statskupp i 1979, då han tok makta frå onkelen sin Francisco Macías Nguema.

Teodoro Obiang Nguema Mbasogo

Fødd5. juni 1942 (81 år)
Akuacam
Statsborgar avSpania under Franco, Ekvatorial-Guinea
Yrkepolitikar
Utdanna vedGeneral Military Academy
Colegio Nacional Enrique Nvó Okenve
EktefelleConstancia Mangue, María Verminia Buckanan García, Elema, Shaw
BarnTeodorín Nguema Obiang, Gabriel Mbega, Ruslán Obiang
Alle verv
  • Ekvatorial-Guineas president (1979–)
  • Den afrikanske unions formann (2011–2012)
  • Minister of National Defense (1993–2004) Sjå dette på Wikidata

Tidleg liv endre

Obiang Nguema er fødd i Acoacán i distriktet Mongomo heilt aust i dagens Ekvatorial-Guinea, som då var ein spansk koloni. Han høyrer til fleirtalsfolkegruppar i landet, fang.

I 1963 gjekk han inn i territorialgarden, og blei same året send til militærakademiet i Saragossa i Spania. Etter å ha kome tilbake i 1965 tenestegjorde han i Mikomeseng ved grensa til Kamerun, og nådde rang som løytnant.

Då Ekvatorial-Guinea fekk sjølvstende i 1965 blei onkelen Francisco Macías Nguema eineherskar, etter å ha utmanøvrert alle konkurrentane. Obiang blei utnemnd til øvstkommanderande for militæret i regionen rundt hovudstaden Malabo og guvernør i Bioko. Han var også sjef for det berykta Black Beach-fengselet, viseforsvarsminister og frå 1975 øvstkommanderande for hæren.

President endre

3. august 1979 avsette Obiang Nguema onkelen i eit kupp, og let deretter den tidlegare presidenten bli dømd til døden og avretta. I oktober 1979 utnemnde Nguema seg formelt til president. Han lova å reformera staten og betra levevilkåra der. I 1981 forsona han seg med Spania, som onkelen hadde brote med, og mottok utviklingshjelp frå spanske styresmakter. Samtidig lausna han banda til Sovjetunionen, og tillet religionsutøving, etter at onkelen i mai 1978 hadde erklært Ekvatorial-Guinea som ein ateistisk stat.

Dei første åra var Nguema president i eigenskap av formann for ein militærjunta. I 1982 innførte han ei ny forfatning som blei vedteken i ei folkeavstemming, offisielt med 95,38 % av stemmane. I 1987 grunnla Nguema eit einingsparti, Partido Democrático de Guinea Ecuatorial (PDGE), som ved parlamentsvalet i juli 1988 fekk alle seta i parlamentet. Obiang Nguema blei vald til ein sjuårsperiode som president i juni 1989 med 99 % av stemmane.

Etter 1989 kom Nguema med endringar som tilsynelatande gjorde landet meir demokratiske. I 1991 innførte han ei ny forfatning, offisielt med støtte frå 94,3 % i ei folkeavstemming. I 1993 blei det for første gong sidan 1968 halde val med fleire parti i Ekvatorial-Guinea. Nguema sitt parti, PDGE, fekk 68 av 80 sete. Utanlandske observatørar skildra valet som lite fritt og rettferdig.

Etter at den andre sjuårsperioden blei Obiang Nguema gjenvald som president i 1996 med 97,85 % av stemmene. Opposisjonen boikotta valet. Ved parlamentsvalet i 1999 fekk PDGE 75 av 80 sete. Ved presidentvalet i 2002 blei gjenvald igjen, denne gongen med 97,1 % av stemmene. Dei fire opposisjonskandidatane hadde trekt seg før valet, men Celestino Bonifacio Bacalé fekk likevel 2,2 %. Ved parlamentsvalet i 2004 deltok PDGE i ein koalisjon som til saman fekk 98 av 100 sete; av desse fekk PDGE 68. Mot slutten av 2004 grunnla den tidlegare statsministeren hans, Cristino Seriche Bioko, opposisjonspartiet VDDC.

Persondyrking endre

Presidenten har oppmuntra til ein personkult rundt seg sjølv, og mange byar og landsbyar har gater kalla opp etter kuppet hans mot onkelen. Klede som viser ansiktet til presidenten er også eit vanleg syn i Ekvatorial-Guinea.

I juli 2003 erklærte den statlege radiokanalen at Obiang Nguema var ein gud som var i permanent kontakt med den Allmektige og kunne bestemma seg for å drepa utan at nokon stilte han til ansvar og utan å hamna i Helvete. Obiang Nguema hadde sjølv gjeve liknande utsegner i 1993.

På same måte som Idi Amin gjorde det, har han tillate rykte om at han er kannibal.[1] Kannibalisme har lang tradisjon blant fang-folket i Sentral- og Vest-Afrika, truleg som ledd i krigføring for å spreie frykt.

Menneskerettar endre

Tortur og mishandling av opposisjonelle og medlemmer av den etniske minoriteten bubi er svært vanleg i Ekvatoria-Guinea.[2] I februar 1997 innrømde Obiang Nguema alvorlege brot på menneskerettane i landet, og lova å bøta på situasjonen. I januar 1998 fann likevel store menneskerettsbrot stad.[3]

Kuppforsøk endre

I mars 2004 erklærte Nguema at styresmaktene i Ekvatorial-Guinea hadde oppdaga eit komplott mot regjeringa hans, og at etterretningstenestene i USA, Storbritannia og Spania var innblanda. 15 personar blei arrestert, og kort etter blei 70 leigesoldatar til, leia av Simon Mann, arrestert på flyplassen i Harare i Zimbabwe. Det førte til oppsikt då Mark Thatcher, son av Margaret Thatcher, innrømde å ha spela ei rolle i kuppforsøket. I 2008 blei Simon Mann dømd til over 34 års fengsel i Ekvatorial-Guinea, etter å ha blitt utlevert frå Zimbabwe der han allereie hadde sona ei straff for same saka.

 
Obiang Nguema med den amerikanske utanriksministeren Condoleezza Rice i 2006.

Det er ikkje bevist at legesoldatane hadde hatt samband på regjeringshald i vestlege land. Obiang Nguema har stort sett eit godt tilhøve til den vestlege verda.

I følgje det amerikanske magasinet Forbes er Obiang Nguema det rikaste statsoverhovudet i verda, med ein formue på 600 millionar dollar.[4]

Kjelder endre

  1. Bokmålswikipedia oppgav news24.com Arkivert 2008-06-04 ved Wayback Machine.
  2. Bokmålswikipedia oppgav Amnesty International: Jahresbericht 2000 - Äquatorial Guinea Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine.
  3. Bokmålswikipedia oppgav Amnesty International: Equatorial Guinea - A country subjected to terror and harrassment
  4. Bokmålswikipedia oppgav forbes.com

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Teodoro Obiang Nguema Mbasogo