Teretistris
slekt av sporvefuglar
Teretistris er ei biologisk slekt av to fugleartar som har hatt uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Dei er endemiske for Cuba.
Teretistris | |
Gulhovudparula, Teretistris fernandinae Foto: Dominic Sherony
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Kubaparulafamilien |
Slekt: | Teretistris Cabanis, 1855 |
Dette er små, vevre insektetande sporvefuglar, begge artar ca. 13 centimeter i kroppslengd og med fjørdrakt dels i klår gulfarge og dels i kvitt til lyst grått.
Slekta var tidlegare rekna som medlem av parulafamilien, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie, kubaparulafamilien.[1]
Artslista
endreTeretistris i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Gulhovudparula, Teretistris fernandinae, Yellow-headed Warbler, Lembeye, 1850, (LC)
- Orienteparula, Teretistris fornsi, Oriente Warbler, Gundlach, 1858, (LC)
Kjelder
endre- del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2017). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. oktober 2017
Referansar
endre- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 643, Teretistridae (Cuban Warblers), Cornell Lab of Ornithology
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 4. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Teretistris