Terje Haugland (fødd 11. april 1944) er ein norsk tekstilingeniør og tidlegare friidrettsutøvar frå Haugesund. På friidrettsbana utmerka han seg særleg i lengdehopp, men også i høgdehopp. Han tok dessutan NM-medaljar i tresteghopp og på 110 m hekk. Mellom 1961 og 1974 vann han i alt tolv medaljar (3-5-4) under noregsmeisterskapane i perioden. Noregsmeister i høgdehopp 1966 og i lengdehopp 1969 og 1971. I 1969 vart han nummer elleve i lengdehopp under europameisterskapen i Athen. Haugland var medlem av Haugesund IL og IK Tjalve.

Terje Haugland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1944 (80 år)
Haugesund kommune
Yrke friidrettsutøvar
Far Eugen Haugland

Hanne Haugland er dotter hans, Eugen Haugland var far hans.

Aktiv endre

Fram til 1966 satsa Haugland mest på høgdehopp. Etter sølvmedaljar i 1961 og -62 tok han sitt fyrste NM-gull i øvinga i 1966. Resten av si tid som aktiv proriterte han lengdehopp. Her hadde han i alle år sterk konkurranse med fleire dyktige, norske lengdehopparar som Kristen Fløgstad og Finn Bendixen. Både i 1967 og -68 vart han i NM knipe slått av Fløgstad. I OL-sesongen 1968 sette han elles norsk rekord med 7,78 meter. Både i 1969 og 1971 vart han noregsmeister i øvinga. I begge desse sistnmende sesongane klarte han å kvalfisere seg til finalen i EM i friidrett, men utan å kunne blande seg inn i medaljestriden i sjølve finalen.

Haugland gjorde sitt lengste lengdehopp i 1970 då han landa på norsk rekord 7,87 meter, det beste lengdehoppet i Norden den sesongen. Året etter presterte han 14,8 på 110 meter hekk, medan han sette dei personleg rekordane i høgdehopp og tresteghopp i 1973-sesongen. Han svinga seg då over 2,07 m i høgde, og bykste 15,73 m i tresteggropa.

Plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1961: Sølv i høgdehopp - 1,95 m, bakom Arne Vang (1,98 m)
  • 1962: Sølv i høgdehopp - 1,98 m, bakom Gunnar Husby (2,01 m)
  • 1966: Gull i høgdehopp - 1,98 m, framom Arne Holm (1,98 m)
  • 1967: Sølv i lengdehopp - 7,22 m, bakom Kristen Fløgstad (7,23 m)
  • 1968: Sølv i lengdehopp - 7,51 m, bakom Kristen Fløgstad (7,53 m)
  • 1969: Gull i lengdehopp - 7,54 m, framom Finn Bendixen (7,28 m)
  • 1970: Sølv i lengdehopp - 7,46 m, bakom Finn Bendixen (7,52 m), bronse på 110 m hekk (14,9) med same tid som sølvvinnaren Arvid Dahm
  • 1971: Gull i lengdehopp - 7,76 m, framom Finn Bendixen (7,63 m)
  • 1972: Bronse i lengdehopp - 7,52 m
  • 1974: Bronsemedaljar i lengdehopp - 7,32 m, og tresteghopp - 14,99 m

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • Friidrott, aktuelle årgangar