Terje Strømdahl

norsk skodespelar

Terje Strømdahl (fødd 22. august 1952) er ein norsk skodespelar. Han er særleg kjend som medprogramleiar i Portveien 2 og som karakteren Sorte Maske, begge kjende frå NRK. Strømdahl har arbeidd ved Nationaltheatret, Torshovteatret og Oslo Nye Teater, og har gjesta Trøndelag Teater fleire gongar.[1] Strømdahl har òg lese inn lydbøker og medverka i radioproduksjonar.[2]

Terje Strømdahl
Fødd22. august 1952 (71 år)
Verka somskodespelar
PrisarGammleng-prisen

I 2001 vann Strømdahl Heddaprisen for rolla si som Antonio Salieri i Amadeus. I 2002 debuterte han som regissør på NRK med ein Sitcom serie "Mia".[3]

Terje Strømdahl stod på 1990-talet fram som homofil.[4]

Terje Strømdahl er broren til ekspedisjonsfarar og villmann Trond Strømdahl.

Nokre roller endre

Karakter Produksjon Stad (år)
Terje "Portveien 2" av Eivind Skeie og Gudny Hagen NRK (1986)
Antonio Sallieri Amadeus av Peter Shaffer Trøndelag Teater (2001)[1]
Stivhatten Kranes Konditori av Cora Sandel Trøndelag Teater (2004)[1]
Fortelleren samt. generelle figurer "Lokomotivet Thomas og vennene hans (Sesong 6)" av Britt Allcroft, David Mitton og Steve Asquith NRK 1 (2004)
Martin Geita - eller hvem er Sylvia? av Edward Albee Trøndelag Teater (2005)[1]
Martin Dysart Equus av Peter Shaffer Trøndelag Teater (2007)[1]

Utvalde innlesningar på lydbok endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Trøndelag Teaters hjemmesider
  2. Oslo Nye Teater
  3. NRK.no
  4. Dagbladet