Termobarisk bombe

Termobarisk bombe eller aerosolbombe, òg kalla FAE-bombe (frå engelsk fuel-air explosive) er ei sprenglading der eit brennstoff vert spreidd som aerosol i lufta. Brennstoffet tek deretter fyr og reagerer med surstoffet i lufta. Bomba gjer seg soleis nytte av oksygenet i lufta og skil seg dermed frå konvensjonelt sprengstoff som sjølv inneheld oksygen. Termobariske bomber har difor eit høgare energiinnhald per masse-einiing enn vanlege bomber. Termobariske våpen gjev ei kraftig trykkbølge, men få eller ingen fragment (splintar).

Bruk av en termobarisk bombe mot krigsskipet USS McNulty fra US Navy som ledd i ei militærøving.

Ei termobarisk bombe inneheld normalt to sprengladingar; fyrst ei mindre, som spreier brenselet i lufta, deretter ei ny lading som tenner dette brennstoffet.

Utvikling endre

Dei fyrste forsøka med sprengning av slike bomber vart gjorde under andre verdskrig i 1944 av Tyskland under leiing av Mario Zippermayr. Under dei tyske prøvesprengningane var kolpulver nytta, blanda med flytande surstoff.[1]

Bruk endre

Termobariske bomber har mellom anna vore brukt av Russland i Tsjetjsenia på 1990-talet[2] og av USA under Irak-krigen og i Afghanistan. Den største nytta av slike bomber er mot mål som personell gøymde inne i fjellhôler, tunnelar og bunkerar utan dører på grunn av forsterka trykkbølge og på grunn av at alt surstoff vert oppbrukt i området.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Großvaters Vakuumbombe, Frankfurter Allgemeine, 24.9.2007
  2. Lester W. Grau og Timothy L. Thomas (2000) «Russian Lessons Learned From the Battles For Grozny» Arkivert 2010-04-30 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Termobarisk bombe