Opna hovudmenyen

Terry Don Manning er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, komponist, multi-instrumentalist, plateprodusent, fotograf, lydteknikar og biletkunstnar. I ein karriere på over 50 år har han arbeidd med Led Zeppelin, Iron Maiden, Bryan Adams, ZZ Top, Jay Boy Adams, Booker T. & the MG's, Shakira, Isaac Hayes, Otis Redding, Rhino Bucket, Johnny Winter, Johnny Taylor, Jason and the Scorchers, the Staple Singers, Molly Hatchet, George Thorogood, Al Green, Widespread Panic, Shania Twain, Joe Cocker, Joe Walsh og Lenny Kravitz, og fleire.[1]

Terry Manning
Terry Manning in 2015.jpg
Manning i 2015
FødenamnTerry Don Manning
OpphavUSA
Aktiv1963 til i dag
Sjanger
Instrument
  • Klaverinstrument
  • piano
  • gitar
Verka som
  • Songar-låtskrivar
  • komponist
  • multi-instrumentalist
  • plateprodusent
  • fotograf
  • lydteknikar

I 2013 vart Manning innlemma i International Rockabilly Hall of Fame, West Texas Music Hall of Fame og Bobby Fuller Four and Border Legends Cultural Center i El Paso, Texas. I oktober 2013 gav ECR Music Group ut Manning-albumet West Texas Skyline, ein hyllest til Bobby Fuller.

Tidlege årEndra

Terry Manning var fødd i El Paso i Texas.[2] På vidaregåande var Manning eit gryande idrettstalenet og sprang på bane og spelte quarterback på det amerikanske fotballaget. Han gjekk på Memphis State University (i dag University of Memphis), der han var kaptein for fotballaget og spelte basketball.[3] Manning byrja å arbeide i musikkindustrien då han budde i El Paso, der han spelte gitar og song i fleire lokale band, mellom anna Bobby Fuller and The Wild Ones.

MusikkarriereEndra

Etter at Manning flytta til Memphis i Tennessee, arbeidde han i fleire år både for Stax Records og Ardent Studios som lydteknikar og produsent. Han var ein av dei viktigaste partane i produksjonsteamet til Al Bell for The Staple Singers, og var ansvarleg for hittar som «Heavy Makes You Happy,» «Respect Yourself» og «I'll Take You There».[3]

I 1970 gav Manning ut sitt eige soloalbum, Home Sweet Home, på Stax-etiketten Enterprise.[4] I midten av 1980-åra flytta Manning til London, der han arbeidde for EMI i Abbey Road Studios. I 1992 flytta han til Nassau på Bahamas, der han slo seg saman med Chris Blackwell i Compass Point Studios, som han dreiv i over tjue år.

FotografikarriereEndra

Manning har fotografert Chuck Berry, Procol Harum, Steppenwolf, Terry Reid, Jimi Hendrix, Dusty Springfield, Lenny Kravitz og mange andre musikkartistar innan rockemusikken, både som sjølvstendig fotograf og som journalist og fotograf for New Musical Express. Han arbeidde som fotojournalist for NME og var ein av dei siste som fotograferte Martin Luther King jr., dagen før han vart myrda.[5]

I august 2015 vart fotografiverka til Manning stilt ut i kunstgalleri i fleire byar i USA.[6]

KjelderEndra

  1. Credits, AllMusic, henta 16. august 2016 
  2. Terry Manning, henta 16. august 2016 
  3. 3,0 3,1 Terry Manning, henta 16. august 2016 
  4. Terry Manning: Home Sweet Home, henta 16. august 2016 
  5. Behind the curtain with Terry Manning, henta 16. august 2016 
  6. Abreu, Mallory, A look at the photography of the music world’s Terry Manning, henta 16. august 2016 

BakgrunnsstoffEndra