Teselskapet i Boston

Teselskapet i Boston (engelsk The Boston Tea Party) er eit populært kallenamn på eit opprør som fann stad den 16. desember 1773 ved hamna i Boston. Aksjonen var ein reaksjon på skattanete som styresmaktene i Storbritannia hadde pålagt dei britiske koloniane i Nord-Amerika, seinare dei første delstatane i USA. «Teselskapet» bestod i at ei gruppe amerikanarar utkeldde som indianarar tok seg ombord tre handelsskip lasta med te, og kasta all teen over bord. Dette vert rekna som opptakta til Den amerikanske frigjeringskrigen.

Illustrasjon av teselskapet i Boston. Illustrasjon av W.D. Cooper frå 1789.

Protesten i Boston hadde bakgrunn i ein langvarig strid om britiske styresmakter hadde rett til å fastsetja skatt i koloniane, som ikkje hadde representantar i det britiske parlamentet. Slagordet «No taxation without representation», 'inga skattlegging utan representasjon', viser til dette.

Teloven (Tea Act) frå 1773 slo fast at berre Det britiske austindiakompaniet kunne selja te i dei nordamerikanske koloniane til visse utvalde forhandlarar. Ein skatt på tre pence per pound frå dei tidlegare og omstridde Townshend-lovane blei verande for å demonstrera den britiske «retten til å skattleggja amerikanarar».[1] Elles kunne kompaniet selja teen svært billig.

«The American dope party», teikning frå bladet Puck frå 1906, der folk hiv dårlege matvarer med tilsetningsstoff på sjøen.

Teselskapet i Boston har vore inspirasjon for fleire seinare politiske protestar. På 2000-talet blei namnet «Tea Party» teke i bruk av ei mektig politisk protestrørsle i USA.

Kjelder endre

Fotnotar

  1. Statsminister Frederick North, Lord North: «The right of taxing the Americans»

Bibliografi


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Teselskapet i Boston
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.