Teslagrad
Teslagrad er eit dataspel utvikla og utgjeve av den norske spelutviklaren Rain Games. Spelet kom ut på Steam desember 2013, på Nintendo eShop for Wii U i september 2014 og på PlayStation Store på PlayStation 3 og PlayStation 4 i desember 2014 i Europa. Teslagrad bruker Unity game engine, som gjer det lettare for utviklarar å gje ut spelet på ulike plattformer.
Teslagrad | |||
Utviklar(ar) | Rain Games | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Rain Games | ||
Distributør | Steam, GOG.com, PlayStation Store, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, Google Play, App Store | ||
Serie | Teslagrad | ||
Spelmotor | Unity | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows Linux macOS Wii U PlayStation 3 PlayStation 4 PlayStation Vita Xbox One Nintendo Switch Android iOS | ||
Utgjeving | |||
Sjanger | Plattform-hjernetrim | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | https://teslagrad.com/ | ||
Del av serien Teslagrad⠀ | |||
Teslagrad 2→ |
Teslagrad er eit plattform-hjernetrimspel i den såkalla metroidvania-stilen, med action-element der magnetisme og andre elektromagnetiske krefter må brukast for å kome vidare i spelet. [1] Spelaren styrer ein ung gut som skal avdekke mysteria om det lenge forlatne Tesla Tower. Han hamnar plutseleg midt i ei samansverjing, som involverer ein despotisk konge som har regjert nasjonen med ei jernhand i fleire år. Spelet inneheld nokre kampsegment, kombinert med gåter og presis plattforming. Det går føre seg i ein steampunk-inspirert versjon av det gamle Europa, i ei ikkje-lineær verd med meir enn hundre handteikna miljø. Spelet introduserer ulike oppgraderingar og hjelpemiddel etter kvart som handlinga skrir fram.[2]
Referansar
endre- ↑ «ANMELDELSE: Teslagrad». Gamer.no. Henta 22. september 2018.
- ↑ «Teslagrad review». Eurogamer. Henta 22. september 2018.