Ein tettstad er på dagleg-norsk eit område der fleire menneske bur tett saman, utan at det er stort nok til å kallast ein by. Statistisk sentralbyrå på si side definerer ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar, det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikkje er meir enn 50 meter. Etter denne definisjonen er tettstadgrenser uavhengige av kommune- og fylkesgrenser, og det er heller inga øvre grense for storleiken på ein tettstad, eller ei avgrensing mot omgrepet by. Noregs største tettstad er tettstaden Oslo som strekkjer seg inn i Viken fylke.

Tettstad-omgrepet kjem frå svensk, og er eit nordisk omgrep innan bygeografi for det engelske urban area. I samsvar med semje på nordisk plan vert ein liknande defininsjon som gjeld for tätort i Sverige nytta for tettstad i Noreg og for tilsvarande nemningar for tettbygde område i Danmark og Finland.

Tettstader i andre land endre

I Sverige vert tätort definert som eit tettbygd område med minst 200 busette, og med mindre enn 200 meter fråstand mellom husa, og der under femti prosent av eigedomane er fritidseigedomar. Inndelinga i tettstader vert fastsett strikt etter denne definisjonen, utan omsyn til den administrative inndelinga av landet i kommunar og fylke. Ein tätort kan soleis liggje i fleire kommunar, eller jamvel fleire fylke (län), og ein bydel kan i somme høve verte rekna som ein eigen tätort.

I dei fleste andre europeiske land er det næraste ein kjem tettstaden landsby på ulike språk. Desse er som regel klumpa tettare saman enn den typiske tettstaden, gjerne rundt ei kyrkje eller eit anna samlingspunkt.

I Storbritannia kallar ein tettbebygging på landet ein village, dersom han har ei kyrkje, eller ein hamlet dersom han er litt mindre og ikkje har det. I USA kallar ein det meste av tett busetnad, også svært små stader, small towns.

Bakgrunnsstoff endre