Fauske

tettstad i Fauske kommune
(Omdirigert frå Tettstaden Fauske)

Fauske (lulesamisk Fuossko, pitesamisk Fuassko) er ein by og administrasjonssenteret i Fauske kommune i Nordland. Byen har 6 252 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg inst i Fauskevika, ein arm av Skjerstadfjorden.

Fauske
By
Fauske sentrum sett frå lufta.
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Fauske
Areal 4,64 km²
Folketal 6 252  (2023)
Folketettleik 1 347 / km²
Innbyggjarnamn fauskeværing
Preposisjon Fauske
Kart
Fauske
67°15′32″N 15°23′30″E / 67.25888889°N 15.39166667°E / 67.25888889; 15.39166667
Wikimedia Commons: Fauske (town)

Fauske er eit kommunikasjonssenter med stasjon på Nordlandsbanen og utgangspunkt for Nord-, og Norgebussen til Kirkenes. Frå E 6 i Fauske fører riksveg 80 vestover til Bodø, og på Finneid lengst aust i tettstedet fører fylkesveg 830 austover til Sulitjelma. Fauske fungerer som servicesenter for Indre Salten. I Fauske er det variert industri, mellom anna bearbeiding av stein (marmor).

I byen ligg Fauske bygdetun, ein del av Nordlandsmuseet, Fauske kyrkje, som er ei langkyrkje i tre frå 1867, Fauske vidaregåande skole og Fagskolen i Fauske som gir tilbod innan bergverksdrift og tunnelarbeid.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre