Harstad (nordsamisk Hárstták) er ein by og administrasjonssenteret i Harstad kommune i Troms fylke. Byen har 21 289 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er etter folketal den nest største byen i fylket, og den tredje største byen i Nord-Noreg.

Harstad
By
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Harstad
Areal 11,46 km²
Folketal 21 289  (2023)
Folketettleik 1 858 / km²
Innbyggjarnamn harstadværing
Preposisjon i Harstad
Ferdselsårer Harstad867
Hurtigruta,
Harstad/Narvik lufthamn, Evenes
Kart
Harstad
68°47′56″N 16°31′53″E / 68.79888889°N 16.53138889°E / 68.79888889; 16.53138889
Wikimedia Commons: Harstad (town)

Byen ligg nordaust på Hinnøya, og den nord- og sørgåande Hurtigruta møtast her kvar morgon. Harstad er ein kulturby og er fast vertsskap for Festspela i Nord-Norge, som blir arrangert kring Sankthans kvart år. Harstad kulturhus stod ferdig i 1992.

UiT Noregs arktiske universitet har campus i Harstad, med om lag 1 200 studentar.

Harstadværinger

endre

Kjelder

endre

«Harstad» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne Tromsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.