Haugesund
(Omdirigert frå Tettstaden Haugesund)
Haugesund er ein by og administrasjonssenter i Haugesund kommune i Rogaland fylke med 46 359 innbyggjarar per 1. januar 2023. I tillegg til bygningsmassen innan kommunegrensene også busetnaden på begge sidene av Karmsundet i Karmøy kommune. På fastlandet heng denne saman med bygningsmassen i Haugesund.
Haugesund | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Haugesund | ||
Areal | 21,42 km² | ||
Folketal | 46 359 (2023) | ||
Folketettleik | 2 164 / km² | ||
Innbyggjarnamn | haugesundar | ||
Preposisjon | i Haugesund | ||
Haugesund 59°24′59″N 5°16′12″E / 59.41638889°N 5.27°E | |||
Wikimedia Commons: Haugesund |
Under dei siste 20 åra har staden fått ein styrkt posisjon som handelssenter for Haugalandet og dei sørlege delane av Hordaland. Det ligg fleire relativt store kjøpesenter i utkantane av byen. Byen fylte 150 år i 2004. Sjølv om han er nokså ung, finst mange historiske merke her, som Haraldsstøtta over staden ein trur kong Harald I Hårfagre ligg gravlagd.
Kjelder
endre- «Haugesund_-_tettsted» i Store norske leksikon, snl.no.
- «Haugesund – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Haugesund» frå Wikipedia på svensk, den 3. august 2012.