Thíva
Lokalt namn Θήβα

Geografi
Stad Sentral-Hellas
Koordinatar 38°19′N 23°19′EKoordinatar: 38°19′N 23°19′E
Areal 822,9 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Hellas
Viotía
Hovudsete Livadiá (22 883 innb.)
Demografi
Folketal 36 477 (2011[1])
Folketettleik 43,9 /km²

Thíva (gresk Θήβα) er ein by og ein kommune i periferieininga Viotía i periferien Sentral-Hellas i Hellas. Han ligg nord for fjellkjeda Kitherónas, som skil Viotía frå Attikí, og på den sørlege kanten av den viotiske sletta.

Den antikke byen blir til vanleg omtalt som Theben, òg kalla Thivai eller Thebes. Dette var den største byen i regionen Viotía (Boiotia). Det antikke citadellet, Kadmeaen, ligg i dag i den moderne byen Thíva.

Historie endre

Tidleg historie endre

Historia om dei tidlegaste dagane til Theben (Thíva) var tatt vare på av grekarane blant ei mengd legender som er rivaliserande med mytane om Troja. Ein kan kjenne igjen fem hovudsyklusar:

Det er vanskeleg å trekke ut noko som helst historiske fakta ut av denne massen av myter. Dei forskjellige gruppene kan ikkje vere fullt ut koordinerte, og ein annan ting som gjer det enno vanskelegare er at Theben ikkje er nemnd i dikta til Homer. På den andre sida kan ikkje desse mytane fullstendig forkastast, som vart vist av utgravingar i 1909 av «huset Kadmus», som legenda seier vart fødd i Tyr og lærte bokstavar til grekarane. Det vart funne ei samling av mesopotamiske sylinder-segl, inkludert eit som refererte til en kassittisk konge som herska mellom 1381 og 1354 f.Kr. Vidare arkeologiske utgravingar i og rundt Theben har avslørt graver datert til mykensk tid som inneheldt våpen, elfenbein og tavler skrive i linear B. Det verkar klart å tru at det var ei av dei første greske samfunna som trekte saman i ein festningsby. Som ein festningsby trekte han til seg merksemd frå dei invaderande dorianarane og det at dei til slutt erobra Theben ligg bak forteljingane om dei etterfølgjande legendariske åtaka mot byen.

 
Theben

Den sentrale posisjonen og militære tryggleiken til byen hadde naturlegvis ein tendens til å heve han til ein kommanderande posisjon hos boiotianarane, og frå tidlege tider var innbyggjarane i stand til å etablere total kontroll over stammefolka deira i dei ytre landsbyane. Ingen detaljar om den tidlege historia til Theben er tatt vare på, utanom at han vart styrt av eit landeigande aristokrati som støtta opp om makta si gjennom harde statuttar om eigarskap av eigedom og eigarbyte.

Stordomstid endre

Seint på 500-talet fvt. kom thebanarane for første gong i fiendtleg kontakt med atenarane, som hjelpte dei små landsbyane på platået til å fasthalde sitt sjølvstende mot dei, og i 506 f.Kr. slo dei tilbake eit inntog inn i Attika. Aversjonen mot atenarane forklarar den upatriotiske haldninga som Theben viste under den store persarkrigen. Sjølv om ein kontingent på 700 vart send til Thermopylae og vart der med Leonidas I helt til slutten, slo det styrande aristokratiet seg saman med fienden med stor innsats og kjempa intenst på hans vegner i slaget om Plataea i 479 f.Kr. Dei sigrande grekarane straffa Theben etterpå ved å ta frå dei leiarskapen over Det boiotiske forbundet, og eit forsøk av spartanarane på å utvise dei frå det delfiske amfiktyoniet vart berre hindra av mellomstyret i Aten. I 457 gjekk Sparta, som trong ei motvekt mot Aten i det sentrale Hellas, tilbake på sin politikk og gjeninnsette Theben som den dominerande makta i Viotía. Den store citadellet i Kamea tente dette formålet godt ved å halde ut som ein base for motstand då atenarane køyrte over og okkuperte resten av landet (457 f.Kr.447 f.Kr.). I peloponnesarkrigen var thebanarane, som var bitre på støtta som Aten gav dei mindre boiotiske landsbyane, og særleg til Plataea som dei forsøkte å redusere i 431 f.Kr., stødige allierte med Sparta som hjelpte dei i å omleire Plataea og lét dei øydelegge landsbyen etter at han vart erobraet i 427 f.Kr.. I 424 f.Kr. påførte dei, i spissen for dei boiotiske innrullerte, eit kraftig nederlag på ein invaderande atensk styrke i slaget om Delium, og for første gong viste dei effekten av den faste militære organisasjonen som etter kvart ville heve dei til ei dominerande makt i Hellas.

Etter fallet til Aten på slutten av peloponnesarkrigen braut thebanarane alliansen etter at dei fann ut at Sparta hadde tenkt å verne dei statane dei ønska å annektere. I 404 f.Kr. hadde dei bønfalle om å få øydelegge Aten, likevel støtta dei i løyndom i 403 f.Kr. gjenopprettinga av demokratiet der for å finne ein motpol mot Sparta. Nokre få år seinare, kanskje ved hjelp av persisk gull, danna dei kjernen i forbundet mot Sparta. I slaga om Haliartus (395 f.Kr.) og Koronea (394 f.Kr.) viste dei igjen sin stigande militære kapasitet ved å bli ståande mot spartanarane. Resultatet av krigen var særleg katastrofal for Theben, då den generelle avtalen i 387 f.Kr. stipulerte komplett autonomi for alle greske landsbyar og dermed trekte dei andre boiotarane seg frå deira politiske kontroll. Makta til byen vart vidare kutta ned i 382 f.Kr. då ein spartansk styrke okkuperte sitadellen i eit forræderisk kupp. Tre år seinare var den spartanske garnisonen utvist, og ein demokratisk konstitusjon vart sett solid fast i staden for det tradisjonelle oligarkiet. I dei følgjande krigane med Sparta viste den thebanske arméen, trent og leia av Epaminondas og Pelopidas, seg som den beste i Hellas. Nokre år med usamanhengande kampar der Theben etablerte sin kontroll over hele Viotía, kulminerte i 371 f.Kr. i ei viktig siger over dei beste spartanarane i slaget om Leuktra. Vinnarane vart hylla i heile Hellas som sigerherrane til dei undertrykka. Dei bar våpna sine inn i Peloponnes og i spissen for ein stor koalisjon knuste dei makta til Sparta. Liknande ekspedisjonar vart sende til Thessalía og Makedonia for å regulere styret av desse regionane.

Slutten på stordomen endre

Men dominansen til Theben var kortvarig. Statane som han verna nekta å underlegge seg på permanent basis og den fornya rivalen Aten, som hadde slutta seg saman med Theben i 395 i felles frykt for Sparta, hadde sidan 371 heldt ut for å oppretthalde maktbalansen mot deira allierte og hindra danninga av eit thebansk imperium. Med Epaminondas ved Mantinea i 362 f.Kr. sokk byen igjen til posisjonen som ein sekundær maktfaktor. I ein krig med nabostaten Fokída (356 f.Kr.–346 f.Kr.) kunne han ikkje ein gong oppretthalde dominansen sin i det sentrale Hellas, og ved å invitere Filip II av Makedonia til å knuse fokarane, utvida byen monarken si makt farleg nær sine egne grenser. Ei kraftig endring i haldningane mot Filip vart fullført i 338 av talaren Demostenes som overtalte Theben til å slutte seg til Aten i eit siste forsøk på å stoppe Filip si framrykking gjennom Attika. Den thebanske kontingenten tapte det avgjerande slaget om Kheronía og med det alt håp om å få tilbake kontrollen over Hellas. Filip var fast bestemt på å ta frå Theben dominans byen hadde over Viotía. Men eit mislykka opprør i 335 f.Kr. mot sonen hans Aleksander vart straffa av Makedonia og andre greske statar i den kraftige øydelegginga av byen.

Seinare historie endre

Byen vart restaurert av Kassander i 315 f.Kr., men den spelte aldri igjen ei viktig rolle i gresk politikk. Han lei under grunnlegginga av Khalkis (Khalkída) som hovudfestninga i Sentral-Hellas, og vart alvorleg handtert av dei romerske erobrarane Mummius og Sulla. Strabo skildrar han knapt som ein landsby og på Pausanias si tid (midten av det 1. hundreåret) var det berre sitadellen som var busett. Under den austromerske perioden tente han som tilfluktsstad mot utanlandske invaderarar, og frå 900-talet vart han eit sentrum for den nye silkehandelen. Han vart kraftig plyndra av normannarane i 1146, men heldt fram å bløme og vart vald av det frankiske dynastiet de la Roche som sin hovudstad. I 1311 vart han erobra av det katalanske kompaniet.

I dag er byen Thíva ein mellomstor distriksby i Hellas med få minne frå stordomstida.

Administrativ inndeling endre

 
Den tidlegare kommunen Thíva, no kommunaleininga Thíva

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 36 477 innbyggjarar, medan kommunaleininga Thíva hadde 25 845 og tettstaden med same namn 22 883 innbyggjarar.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
  2. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023