The Aerosol Grey Machine

The Aerosol Grey Machine
Studioalbum av Van der Graaf Generator
Utgjeve September 1969
Innspelt Januar 1969, 31. juli og 1. august 1969
Studio Marquee og Trident Studios i London i England
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 46:58
Selskap Mercury (USA), Fontana (Tyskland), Vertigo (Italy & Nederland)
Produsent John Anthony
Van der Graaf Generator-kronologi
The Aerosol Grey Machine The Least We Can Do Is Wave to Each Other
(1970)


The Aerosol Grey Machine er debutplata til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator. Det kom ut i 1969 på Mercury.

BakgrunnEndra

Albumet var opphavleg tenkt som eit soloalbum av songaren og låtskrivaren i bandet, Peter Hammill. Då bandet signerte med Charisma Records kom det i stand ein avtale der The Aerosol Grey Machine skulle gjevast ut under namnet Van der Graaf Generator, mot at Mercury Records frigav Hammill frå den tidlegare kontrakten sin med dei.[1]

UtgjevingEndra

The Aerosol Grey Machine kom ut i september 1969 på Mercury, og berre i USA.[2] Ei tidleg utgåve inneheldt songen «Giant Squid», men det var ein feilproduksjon. På plateomslaget stod det «Necromancer» i staden, og seinare trykk av plata har den korrekte «Necromancer».

Albumet kom ut på CD i 1997 på det tyske selskapet Repertoire Records, med same innhald som originalplata og med den første singelen deira som bonusspor. I 1997 gav selskapet til Peter Hammill, FIE! Records, ut plata på ny med ei ny rekkjefølgje og med «Giant Squid» i tilelgg til ein tidlegare ikkje utgjeven versjon av «Ferret and Featherbird» som bonusspor. Det var ingen forklaringar kvifor spora vart integrerti albumet og ikkje berre sett inn som bonusspor til slutt.

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [3]

Steven McDonald på AllMusic kalla albumet «Ei rå, energisk plate som stundom gjer lite for å syne talentet til den unge Hammill» men «det har likevel fine augneblink som syner fram til mogelegheitene på framtidige utgjevingar».[3]

InnhaldEndra

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

MedverkandeEndra

Van der Graaf Generator
Andre medverkande
  • Jeff Peach – fløyte på «Running Back»
  • Chris Judge Smith – slide-saksofon og harmonivokal på «People You Were Going To», korvokal på «Firebrand»

KjelderEndra

  1. Christopulos, J.; Smart, P. (2005). Van der Graaf Generator – The Book. Phil and Jim. s. 59. ISBN 0-9551337-0-X. 
  2. Christopulos, J.; Smart, P. (2005). Van der Graaf Generator – The Book. Phil and Jim. s. 58. ISBN 0-9551337-0-X. 
  3. 3,0 3,1 McDonald, Steven. «The Aerosol Grey Machine – Van der Graaf Generator | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 26. juli 2020.