The Allman Brothers Band av The Allman Brothers Band

The Allman Brothers Band
Studioalbum av The Allman Brothers Band
Språk engelsk
Utgjeve 4. november 1969
Innspelt 3. til 12. august 1969
Atlantic Studios
(New York City)
Sjanger Southern rock, blues, bluesrock
Lengd 33:18
Selskap Atco, Capricorn
Produsent Adrian Barber
The Allman Brothers Band-kronologi 
The Allman Brothers Band Idlewild South
(1970)


Singlar frå The Allman Brothers Band
  1. «Black Hearted Woman/Every Hungry Woman»
    Utgjeve: mars 1970

The Allman Brothers Band er debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Det kom ut i USA på Atco Records og Capricorn Records den 4. november 1969 og var produsert av Adrian Barber. The Allman Brothers Band vart skipa i 1969 og medlemmane kom saman frå forskjellige andre band. Etter at han hadde arbeidd som studiomusikar, flytta Duane Allman til Jacksonville i Florida der han leia store jammar med det nye bandet sitt, der han ønskte å ha to gitaristar og to trommeslagarar. Etter å ha fullført besetninga med broren Gregg Allman, flytta bandet til Macon i Georgia, der dei var av dei første artistane som fekk kontrakt på Capricorn.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Rolling Stone(favorable)[2]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[3]

Albumet vart spelt inn og miksa i løpet av to veker i Atlantic Studios i New York City. Mange av songane vart spelte på konsertane til bandet i månadane før albumet km ut og kombinerte blues, jazz og country i forskjellig grad. Albumet inneheld omarbeidde versjonar av «Trouble No More» og «Don't Want You No More», i tillegg til kjende, originalar som «Dreams», som synte jazzpåverknaden til bandet, og «Whipping Post», som vart ein publikumsfavoritt. Det var meininga at gruppa skulle arbeide med produsenten Tom Dowd (som hadde arbeidd med Cream og John Coltrane), men han var oppteken, og dei valde i staden å gå i studio med huslydteknikaren Adrian Barber. Plateomslaget vart fotografert i Macon og området kring.

Plata selde i starten dårleg og gjekk inn lågt påBillboard Top 200 Pop Albums-lista. Trass i dette fekk albumet god kritikk i magasin som Rolling Stone, som kalla det «subtilt, ærleg og rørande». Etter bandet vart meir kjend tidleg i 1970-åra, vart dette og det neste albumet, Idlewild South (1970), gjeve ut i lag som Beginnings. Sidan bandet mislikte den originale miksen til Barber, vart albumet miksa på nytt av Tom Dowd. I 1973 hadde Beginnings seld til gullplate for 500 000 selde eksemplar, i følgje Recording Industry Association of America.[4]

I 2016 kom ei luksusutgåve av albumet ut på Mercury Records med den originale stereomiksen til Adrian Barber frå 1969 og stereomiksen til Tom Dowd for Beginnings frå 1973.

Innhald endre

Alle songar skrivne av Gregg Allman, bortsett frå der andre er nemnde.

Side 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Don't Want You No More»Spencer Davis, Edward Hardin2:25
2.«It's Not My Cross to Bear» 5:02
3.«Black Hearted Woman» 5:08
4.«Trouble No More»Muddy Waters3:45
Side 2
Nr.TittelLengd
5.«Every Hungry Woman»4:13
6.«Dreams»7:18
7.«Whipping Post»5:17

Medverkande endre

All info frå plateomslaget.[5]

The Allman Brothers Band

Produksjon

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1969) Plassering
US Top 200 Pop Albums (Billboard) 188[6]

Kjelder endre

  1. Eder, Bruce. The Allman Brothers Band av The Allman Brothers BandAllmusic
  2. Bangs, Lester (21. februar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (52): 52. Arkivert frå originalen 10. februar 2017. Henta 30. juni 2017. 
  3. The Allman Brothers Band Album Guide, Rolling Stone
  4. «American salstrofé – Allman Brothers Band». Recording Industry Association of America. Henta 3. mars 2018. 
  5. The Allman Brothers Band (liner notes). The Allman Brothers Band. USA: Atco. 1969. SD 33-308. 
  6. Poe 2008, s. 137.