The Aquarian Age
The Aquarian Age var eit engelsk psykedelisk rockeband seint i 1960-åra skipa av John «Twink» Adler.
The Aquarian Age | |||
Opphav | London i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1968 | ||
Sjanger | Psykedelisk rock | ||
Tidlegare medlemmer |
I tillegg til Twink, som spelte forskjellige instrument, spelte Clem Cattini trommer, John Wood frå Tomorrow bass og Nicky Hopkins piano. Hopkins vart sidan ein av dei mest etterspurte studiopianistane på slutten av 60-talet og fram til 1980-åra.
Gruppa spelte berre inn ein enkel singel, «10,000 Words in a Cardboard Box», produsert av Mark Wirtz. B-sida til singelen var «Good Wizard Meets Naughty Wizard».
Twink fekk vidare suksess som medlem av The Pretty Things og deltok på innspelinga av S.F. Sorrow. Han gav sidan ut ei nyinnspeling av «10,000 Words In A Cardboard Box» som Twink på albumet Think Pink, før han vart medlem av The Pink Fairies.