The Binding of Isaac

The Binding of Isaac er eit dataspel utvikla av Edmund McMillen og Florian Himsl. Det vart lansert på Steam 28. september 2011.[1] I spelet styrer spelaren eit gråtande, nakent barn som heiter Isaac eller ein av seks andre karakterar som kan låsast opp i spelet.

'The Binding of Isaac'

Utviklar(ar)Edmund McMillen
Florian Himsl
Utgjevar(ar)Edmund McMillen, Florian Himsl
DistributørSteam, Humble Store
SkaparEdmund McMillen, Florian Himsl
Design(ar)Edmund McMillen
Komponist(ar)Danny Baranowsky
Basert påBinding of Isaac
SerieThe Binding of Isaac
SpelmotorAdobe Flash
Plattform(er)Microsoft Windows, Mac OS X, Linux
Utgjeving28. september 2011
SjangerAction-eventyr
SpelemodusEnkeltspelar
AldersgrensePEGI 16
Nettstadhttp://bindingofisaac.com/
Del av serien The Binding of Isaac⠀

Tittelen og handlinga i spelet er basert på den bibelske forteljinga om Abraham som skulle ofre sonen Isak. Handlinga går ut på at mora til Isaac høyrer ei stemme ovanfrå, truleg Gud, som krev at ho tek livet til sonen som prov på at ho er gudfryktig. Isaac flyktar ned til kjellaren for å sleppe unna mora og må navigere seg gjennom romma i kjellaren, som er fylt med monster. Spelaren navigerer Isaac gjennom romma og skyt tårer på monster for å komme vidare. Når Isaac mister all helse, tapar ein spelet og må starte frå byrjinga att. Eit særmerkt trekk ved The Binding of Isaac er at romma i kjellaren blir tilfeldig genererte og er annleis bygd opp kvar gong spelaren startar på nytt.[2]

Kjelder endre

  1. «The Binding of Isaac Release Information for PC». GameFAQs. Henta 26. mai 2014. 
  2. «The Binding of Isaac Review». Eurogamer. 7. oktober 2011. Henta 26. mai 2014.