Opna hovudmenyen

The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall

The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall
Konsertalbum av Bob Dylan
Utgjeve 30. mars 2004
Innspelt 31. oktober 1964
Sjanger Folk, folkrock
Lengd 1:44:12
Selskap Columbia
Produsent Steve Berkowitz and Jeff Rosen
Bob Dylan-kronologi
The Bootleg Series Vol. 5
(2002)
The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall The Bootleg Series Vol. 7
Bob Dylan Bootleg Series-kronologi
The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue
(2002)
The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack
(2005)


The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall er ei komplett innspeling av Halloween-konserten til Bob Dylan den 31. oktober 1964 i Philharmonic Hall i New York. Konserten vart gjeven ut på plate i 2004 på Legacy Records som den fjerde utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series. Konsertopptaket var mykje sirkulert på piratkopiplater før det kom ut i offisiell utgåve.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Music Box5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Pitchfork Media9.1/10[3]
Tiny Mix Tapes5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
NME10/10[5]

KonsertenEndra

Setlista er dominert av protestsongane til Dylan, som «The Times They Are a-Changin'», «A Hard Rain’s a-Gonna Fall» og «The Lonesome Death of Hattie Carroll». Joan Baez, som var ein viktig støttespelar for Dylan dei første åra i karrieren hans, song duett med Dylan på tre songar, i tillegg til at ho song ein song aleine («Silver Dagger» med Dylan på munnspel). Dylan spelte desse songane i lag med tidlege utgåver av tre songar som seinare kom med på Bringing It All Back Home. Nye songar som «It's Alright Ma (I’m Only Bleeding)» og «Mr. Tambourine Man» synte at Dylan var på veg i ei ny retning som bar mindre preg av samfunnsmessige og aktuelle emne.

Albumet gjekk inn på 28. plassen på Billboard 200-lista i USA og nådde 33. plassen på albumlista i Storbritannia og 12. plassen i Noreg.

FørebuingEndra

Då Dylan og Sony byrja å planleggje The Bootleg Series Vol. 6 var dei ikkje sikre på kva dei skulle gje ut. Steve Berkowitz, sjef for talentspeidinga og utvklinga i Sony Music som hadde arbeidd med alle Bootleg Series-utgjevingane til Dylan, påpeikte at det var Dylan og hans folk som avgjorde kva som skulle ut på desse Bootleg Series-platene. Konsertane i Carnegie Hall og Town Hall i New York, begge i 1963, vart begge vurderte for The Bootleg Series Vol. 6, i følgje Berkowitz, men dei vart til slutt avviste.

Halloween-konserten i 1964 hadde tidlegare vore gjeve ut som piratkopiplate på både vinyl og CD, men desse var ikkje komplette og henta frå dårlege utgåver av lydband tekne frå miksepulten. The Bootleg Series Vol. 6 presenterte heile konserten for første gongen og henta frå masterlydbandet.

Settet vart godt teken i mot av dei fleste kritikarane og Rob Fitzpatrick i NME gav det 10 av 10 og kalla det «alldeles glimrande».

I 2016 vart albumet gjeve ut på Audio Fidelity som «Live 1964» på to 5.1-fleirkanals SACD-ar.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå den tradisjonelle «Silver Dagger». 

Disk 1
# Tittel Lengd
1. «The Times They Are a-Changin'»   3:29
2. «Spanish Harlem Incident»   3:07
3. «Talkin' John Birch Paranoid Blues»   4:06
4. «To Ramona»   6:01
5. «Who Killed Davey Moore?»   4:46
6. «Gates of Eden»   8:32
7. «If You Gotta Go, Go Now (Or Else You Got to Stay All Night)»   4:06
8. «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)»   11:26
9. «I Don't Believe You (She Acts Like We Never Have Met)»   4:01
10. «Mr. Tambourine Man»   6:33
11. «A Hard Rain's a-Gonna Fall»   7:44
Disk 2
# Tittel Lengd
12. «Talkin' World War III Blues»   5:52
13. «Don't Think Twice, It's All Right»   4:34
14. «The Lonesome Death of Hattie Carroll»   6:57
15. «Mama, You Been on My Mind» (med Joan Baez) 3:35
16. «Silver Dagger» (med Joan Baez) 3:47
17. «With God on Our Side» (med Joan Baez) 6:17
18. «It Ain't Me, Babe» (med Joan Baez) 5:11
19. «All I Really Want to Do»   4:01

MedverkandeEndra

Teknisk

KjelderEndra