The Capris
The Capris er ei USA-amerikansk doo wop-gruppe som vart ein one-hit wonder i 1961 med «There's a Moon Out Tonight». Dei oppleve ein ny popularitet i 1980-åra då tre av medlemmane kom saman att og The Manhattan Transfer spelte inn songen deira, «Morse Code of Love,» som gjekk inn på US Hot 100[1] og topp 20 på Adult Contemporary-lista.
The Capris | |
![]() | |
Opphav | Ozone Park i Queens, New York i USA |
---|---|
Aktiv | 1957 til i dag |
Sjanger | Doo wop |
Plateselskap | Planet, Lost Nite, Old Town, Ambient Sound, Columbia Records |
Medlemmer | Frank Reina Tony Sergi Lou Esposito John Monforte Michael D'Amore |
Tidlegare medlemmer | Nick «Santo» Santamaria Mike Mincieli Vinnie Narcardo John Cassese Tony Danno Tommy Ferrara Wayne Smith |
HistorieEndra
Alle dei originale medlemmane var italiensk-amerikanarar frå bydelen Queens i New York i USA.[2] Gruppa oppstod kring førstetenoren Mike Mincieli i 1958 og bestod av Nick Santo (Santmaria) som førstebaryton, andretenor Frank Reina, baryton Vinnie Narcardo og bass John Cassese. Namnet deira vart teken frå Lincoln Capri. I 1958 spelte dei inn to songar for Planet Records, «Indian Girl» og «There's a Moon Out Tonight.»[3][2] Singelen selde dårleg og dei vart oppløyste.[3][2] Frederick Allen, som hadde eit kveldsshow på radio, fortsette å spele songen deira og fanga interessa til Jerry Greene, som var tilsett ved Times Square Record Store. Greene kjøpte lydbandet og gav singelen ut på ny for Lost Nite Records. Radioverten Murray the K spelte ofte songen og han selde bra.[4] Då dei forsstod at dei ikkje kunne møte etterspurnaden etter singelen, slede Greene og Lost Nite rettane sine til Old Town Records, som hadde kapasiteten som måtte til[5] og i 1961 klatra songen til tredjeplassen på den nasjonale hitlista.
Ei stund turnerte The Capris igjen og spelte på store konsertstader i USA, men ingen av oppfølgjarane deira selde srleg got, og i 1963 byrja medlemmane i bandet å slutte.[4] Somme fortsette å spele som The Capris, men utan ein nasjonal profil.[5]
Nick Santo, som slutta i gruppa i 19622 og gjekk inn i politivesenet i New York i 1965, fortsette å skrive songar. I 1982 kom Santo, Mike Mincieli og Frank Reina saman at og fekk med sseg Tommy Ferrara frå The Del-Satins og Tony Danno.[5] Dei spelte in albumet There's a Moon Out Again med 12 songar,[6] inkludert ni songar av Santo. «The Morse Code of Love», ein av songane til Santo, vart raskt ein etterspurt song på oldies-radio og mange trudde det var ein gammal song av dei originale Capris.[4] I 1984 spelte The Manhattan Transfer inn «The Morse Code of Love» som «Baby Come Back to Me» for albumet deira Bop Doo-Wopp og songen vart gjeven ut på singel. Songen nådde då 83. plassen på Billboard Hot 100 og 14. plass på Adult Contemporary-lista.
Santo, Mincieli og Reina og andre songarar fortsette å spele som The Capris fram til minst 2002.[5]
Santo døydde av kreft den 30. desember 2010.[7]
Ein versjon av The Capris med Frank Reina var aktiv i 2015.[8]
DiskografiEndra
SinglarEndra
|
AlbumEndra |
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «The Capris» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Capris | Awards». AllMusic. Henta 18. februar 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Warner, Jay (2006). American Singing Groups: A History from 1940s to Today, Hal Leonard Corporation. pp. 89-91. Retrieved February 14, 2018.
- ↑ 3,0 3,1 Rosalsky, Mitch (2002). Encyclopedia of Rhythm & Blues and Doo-Wop Vocal Groups, Scarecrow Press. p. 51. Retrieved February 14, 2018.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Jim Dunn. «The Capris | Biography». AllMusic. Henta 18. februar 2018.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 «The Doo-Wop Society of Southern California (DWS): The Capris». Electricearl.com. October 20, 2002. Henta 18. februar 2018.
- ↑ 6,0 6,1 Cub Koda. «There's a Moon out Again! - The Capris | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 18. februar 2018.
- ↑ Doc Rock. «The Dead Rock Stars Club 2010 July to December». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 18. februar 2018.
- ↑ «The Capris». Facebook.com. Henta 18. februar 2018.
- ↑ «The Capris Discography». Discogs.com. 7. april 2017. Henta 18. februar 2018.
- ↑ «The Capris - Morse Code of Love (CD)». Discogs.com. 7. april 2017. Henta 18. februar 2018.
- ↑ «The Capris - There's A Moon Out Tonight - The Very Best Of The Capris (CD, Album)». Discogs.com. Henta 18. februar 2018.