The El Dorados var ei USA-amerikansk doo-wop-gruppe som fekk størst suksess med songen «At My Front Door». Denne songen gjekk til topps på R&B-lista i USA i 1955.

The El Dorados
Sjangerdoo-wop

Historie endre

Gruppa vart skipa i Chicago i 1952, og heitte opphavleg «Pirkle Lee and the Five Stars». Gruppa bestod av Pirkle Lee Moses jr. (solovokal), Louis Bradley og Arthur Basset (tenor), Jewel Jones (andretenor/baryton), James Maddox og Richard Nickens (begge baryton/bass). Då Moses jr. var ferdig i luftvåpenet i 1954, endra dei namn til The El Dorados.

Vivian Carter høyrde dei og signerte ei til selskapet hennar Vee-Jay Records, og fekk spelt inn den første innspelinga deira i midten av 1954. Eter ei rekkje mislukka singlar, spelte dei inn «At My Front Door» (òg kjend som «Crazy Little Mama») i 1955, og denne gjekk til topps på R&B-lista til Billboard og 17. plass på poplista. Oppfølgjaren deira «I’ll Be Forever Loving You», gjekk òg inn på topp 10 på R&B-lista tidleg i 1956.[1]

Etter Basset og Nickens slutta i gruppa, fortsette dei å spele som ein kvartett. Den originale gruppa vart oppløyst i 1957. Moses vart verande i Chicago og danna ein ny versjon av The El Dorados med John Brunson og medlemmar av ei anna gruppe, The Kool Gents. Samstundes flytta Bradley, Jones og Maddox til California, og kalla gruppa si The Tempos.

Selskapet avslutta kontrakten med The El Dorados i 1958 og Moses jr. turnerte sidan som korvokalist. I 1969 starta han opp att gruppa med nye medlemmar, samstundes som eit tidlegare medlem av The Tempos, Johnny Carter, òg turnerte med ei anna avdeling av El Dorados. Dei to konkurrerande gruppene slo seg saman seint i 1970-åra, og turnerte og spelte inn musikk som The El Dorados fram til Moses døydde i 2000.

Etter Moses døydde, tok Norman Palm, som hadde vore medlem sidan seint i 1970-åra, over gruppa og kalla ho Pirkle Lee Moses Jr's El Dorados, som ei hyllest til den langvarige kollegaen og venen. I 2008 turnerte Pirkle Lee Moses Jr's El Dorados framleis aktivt i USA.

Diskografi endre

Singlar endre

  • Vee-Jay 115: «Baby I Need You» / «My Lovin' Baby»
  • Vee-Jay 118: «Annie's Answer» / «Living with Vivian» (A-side med Hazel McCollum / B-side instrumental)
  • Vee-Jay 127: «One More Chance» / «Little Miss Love»
  • Vee-Jay 147: «At My Front Door» / «What's Buggin' You, Baby?»
  • Vee-Jay 165: «I'll Be Forever Loving You» / «I Began to Realize»
  • Vee-Jay 180: «Now That You've Gone» / «Rock 'n' Roll's for Me»
  • Vee-Jay 197: «A Fallen Tear» / «Chop Ling Soon»
  • Vee-Jay 211: «Bim Bam Boom» / «There in the Night»
  • Vee-Jay 250: «Tears on My Pillow» / «A Rose for My Darling»
  • Vee-Jay 263: «Three Reasons Why» / «Boom Diddle Boom»
  • Vee-Jay 302: «Lights Are Low» / «Oh, What a Girl»

Kjelder endre

  1. Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-1995. Record Research. s. 133. 

Bakgrunnsstoff endre