The Fifth Estate, tidlegare kjend som The D-Men, er eit USA-amerikansk rockband skipa i 1963 i Stamford i Connecticut.

The Fifth Estate

AliasThe D-Men (1963-1965)
OpphavStamford, Connecticut i USA
AktivSidan 1963
Sjanger
Plateselskap
Medlemmer
  • Rick Engler
  • Bob Klein
  • Doug Ferrara
  • Ken Evans
  • Bill Shute
Tidlegare medlemmer
  • Wayne Wadhams
  • Chuck LeGrow

Tidlege år (som The D-Men) endre

 
«The D-Men 1964».

Bandet byrja i Stamford i Connecticut i 1963 som The D-Men. The D-Men spelte mange små konsertstader og lokale klubbar, men trekte etter kort tid mot Greenwich Village og større klubbar der dei ofte spelte seks kveldar i veka over lange periodar. Dei gav ut tre singlar, to på Veep/United Artists og ein på Kapp, som i lag med mykje av det seinare materialet deira er blitt samlarobjekt og etablerte dei som sentrale i garasjerockrørsla.

Bandet var fleire gonger på fjernsyn som på Clay Cole, der dei var på same innspelingsdag som The Rolling Stones då The Stones var på amerikansk TV for første gongen. Dei spelte òg på Hullabaloo, der dei spelte «I Just Don't Care». På den tida var Brian Epstein ein av programleiarane, og han uttrykte at han var interessert i å signere kontrakt med dei. Dei vann seinare ein innringingskonkurranse, Murray the K, for beste nye utgjeving, føre The Dave Clark Five og The Animals i 1965. I 1966 endra dei namn til «The Fifth Estate».

The Fifth Estate endre

The Fifth Estate gav ut singelen «Love is All a Game» for Red Bird, som vart ein regional hit. Dei fekk ein nasjonal og internasjonal hit i 1967 med ein sunshine pop-versjon av «Ding-Dong! The Witch Is Dead», som nådde 11. plassen på Hot 100-lista. Songen vart spelt inn og gjeven ut verda over på fem forskjellige språk (japansk, italiensk, fransk, tysk og engelsk) og nytta element frå «La Bouree» frå «Terpsichore» av 1600-talskomponisten Michael Praetorius. I følgje Cashbox er songen på Topp 100 for alle platene som kom ut i 1967[1] og har vore den største hitten og den høgaste plasseringa på hitlista i USA for alle av Harold Arlen- eller Wizard of Oz-songane, uansett artist.[2] Same året spelte The Fifth Estate inn ein versjon av «Heigh Ho!», eit anna filmtema og denne gongen frå Disney-filmen Snow White and the Seven Dwarfs i 1937. Sjølv om «Heigh Ho!» nådde CHUM-lista i Canada, var salet av både «Heigh Ho!» og den neste singelen deira, «Do Drop Inn», skuffande i USA og låg langt nede på hitlista. Sjølv om han ikkje vart ein hit i USA, vart «Morning Morning» frå 1968 ein mellomstor hit i Australia og Storbritannia.

Den originale fem-mannsbesetninga hadde halde seg uendra i seks år. På den tida hadde dei spelt inn kring 100 songar og gjeve ut 13 singlar og eitt album. Sam & Dave vart med dei på scenen og song «Soul Man» på ein av konsertane deira, medan The Vandellas song og spelte inn ein av songane deira, «How Can I Find A Way». Dei medverka i ein episode av TV-showet Malibu U i 1967. I 1968 under den siste episode av TV-showet sitt, spelte The Monkees The Fifth Estate sin versjon av «Ding Dong! The Witch Is Dead».[3]

The Fifth Estate turnerte med artistar som Count Five, The Electric Prunes, The Music Explosion, The Buckinghams, The Ronettes, Gene Pitney, The Lovin' Spoonful, The Turtles, The Byrds og The Easybeats. Dei spelte òg på TV-programmet Upbeat med The Velvet Underground.[4][5]

I 1970 gjekk dei kvart til sitt og nye prosjekt, men har sidan kome attende og er framleis aktive i dag. Eit nytt album, Time Tunnel, kom ut i 2012, produsert i lag med og miksa av Shel Talmy.

Medlemmar endre

  • Rick Engler - gitar, fuzzbass, solovokal, munnspel
  • Ken 'Furvus' Evans - trommer, vokal
  • Doug 'Duke' Ferrara - bass, harmonivokal
  • Wayne 'Wads' Wadhams (d. 19. august 2008) - cembalo, piano, orgel, solovokal
  • Bill Shute - gitar, shugro 8, vokal
  • Chuck LeGros - vokal, munnspel (1966)
  • Bob 'Bobby Lee' Klein - solovokal, klaverinstrument, guitar (1969 + etter 2006)

Singlar i USA i 1960-åra endre

som The D-Men
  • «Don't You Know» med «No Hope For Me» (Veep/United Artists 1206-A / Juli 1964)
  • «I Just Don't Care» med «Messin Around» (Veep/United Artists 1209-A / Mars 1965)
  • «So Little Time» med «Every Minute of Every Day» (Kapp 691-A / Mai 1965)
som The Fifth Estate
  • «Love Is All a Game» med «Like I Love You» (Red Bird RB 10-064 / 1965)
  • «Ding Dong! The Witch Is Dead» med «Rub-a-Dub» (Jubilee Records 45-5573 / 1967)
  • «The Goofin Song» med «Lost Generation» (Jubilee Records 5588-A / 1967)
  • «Heigh Ho» med «It's Waiting There for You» (Jubilee Records 5595-A / 1967)
  • «Morning, Morning» med «Tomorrow Is My Turn» (Jubilee 5607-A / Februar 1968)
  • «Do Drop Inn» med «That's Love» (Jubilee Records 5617-A / April 1968)
  • «Coney Island Sally» med «I'll Let You Know» (Jubilee Records 5627-A / Juli 1968)
  • «Night On Fire» med «I've Never Been» - tre medlemmar som Medicine Mike (Evolution Records 1011 / September 1969)
  • I 1969 vart to uautoriserte singlar gjevne ut med bandnamnet deira, utan at dei gav løyve til det eller deltok i prosessen.

Album endre

  • Ding Dong! The Witch Is Dead (Jubilee Records JGS 8005 / 1967)
  • Ding Dong! The Witch Is Back: 1964-1969 (Boston Skyline BSD 116/1992)
  • Time Tunnel (Roxon Records LLC RR1001 / 2011)
  • The Fifth Estate - Anthology 1 1964-1969 (Fuel 2000 / Universal Music Group, 2012)
  • I Wanna Shout! (Break-A-Way Records Break 039 / 2014) 12" Vinyl
  • Take The Fifth (Fuel 2000 Records Fuel 302 062 017 2 / 2014)
  • Surf, Rocks & Fuzz (Roxon Records LLC RR1002 / 2016) Songar frå 1963 og 1964
  • I Wanna Shout! (Roxon Records LLC RR1003 / 2016) Songar frå 1965
  • On The Road (Roxon Records LLC RR1004 / 2016) Songar frå 1966
  • The Best Of - The Fifth Estate (Roxon Records LLC RR1005 / 20016) 1964 til 1970
  • Higher Density (Roxon Records LLC RR1006 / 2016) Dei meir orkestrerte songane til bandet
  • Live, Loud & Lo-Fi (Roxon Records LLC RR1007 / 2016) Konsertopptak frå 1964 til 2012

Kjelder endre

  1. (Cashbox Top 100)
  2. Reuters: McPhee's «Rainbow» hits Oz gold. (BILLBOARD article)
  3. Episode 58 «The Frodis Caper.»
  4. 60sGarageBands.com, Fifth Estate HTML, 2004.
  5. «Billboard» (talent section) section one, 6. august 1966.

Bakgrunnsstoff endre