The Friends of Mr Cairo

(Omdirigert frå The Friends of Mr. Cairo)
The Friends of Mr Cairo
Studioalbum av Jon and Vangelis
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1981
Innspelt Davout Studios i Paris og Nemo Studios i London
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 45:42
Selskap Polydor
Produsent Vangelis
Jon and Vangelis-kronologi 
Short Stories
(1980)
The Friends of Mr Cairo Private Collection
(1983)


The Friends of Mr Cairo er det andre albumet til Jon and Vangelis, gjeve ut i 1981. Det finst to utgåver av albumet, med forskjellig plateomslmag. Begge versjonane vart gjevne ut i 1981, eit par veker frå kvarandre. Tittelsporet, «The Friends of Mr Cairo», nådde førsteplassen på den kanadiske singellista seint i 1981, men vart ikkje ein hit nokon annan stad. Den andre utgåva av albumet inneheld singelen «I'll Find My Way Home», som låg 14 veker på den sveitsiske singellista og nådde toppen der den 7. mars 1982. «State of Independence» var seinare ein hit for Donna Summer, og eit tiår seinare for Moodswings med Chrissie Hynde på vokal. Anderson spelte òg inn songen på ny for soloalbumet sitt Change We Must i 1994.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Tittelsporet og musikkvideoen var ei hyllest til klassiske Hollywood-filmar frå 1930- og 1940-åra. Mellom anna vert det referert til den klassiske film noir-filmen The Maltese Falcon. Songen nyttar lydeffektar og stemmer frå stjerner i denne perioden, som Humphrey Bogart, Peter Lorre og Jimmy Stewart. I byrjinga av songen kan ein høyre skrensande bilhjul og bilfløyte, og så geværeld. Joel Cairo (Mr Cairo) er namnet på rollefiguren som vart spelt av Peter Lorre i The Maltese Falcon.

Innhald endre

Første utgåve endre

All tekst er skriven av Jon Anderson; all musikk er komponert av Vangelis og Jon Anderson.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Friends of Mr Cairo»12:04
2.«Back to School»5:06
3.«Outside of This (Inside of That)»5:00
Side to
Nr.TittelLengd
4.«State of Independence»7:53
5.«Beside»4:08
6.«The Mayflower»6:35

Andre utgåve endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I'll Find My Way Home»4:29
2.«State of Independence»7:53
3.«Beside»4:08
4.«The Mayflower»6:35
Side to
Nr.TittelLengd
5.«The Friends of Mr Cairo»12:04
6.«Back to School»5:06
7.«Outside of This (Inside of That)»5:00

Medverkande endre

Lister endre

År Liste Plassering
1981 Billboard Pop Albums 64
1981 UK Albums Chart 17
1982 UK Albums Chart 6

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre